Gåvedryss i Seljord
Solveig S Abrahamsen representera styret i Sparebankstiftinga Seljord då dei, saman med Sparebanken DIN Telemark, invitera til markering av gåvemidlar under natteope – noko dei håpar kan bli fast tradisjon heretter.
Heile 36 mottakarar av vårens søknadsrunde
Delar av overskotet frå Sparebanken DIN Telemark går til Sparebankstiftinga Seljord og Bø, som i sin tur fordeler midlane til lokale lag og foreningar. Sparebankstiftinga Seljord mottok 48 søknader innan søknadsfristen 1.april og det var i alt 36 lag/foreningar som fekk tildela pengar til små og større prosjekt. Tilsaman delte sparebankstiftinga Seljord ut 1.450.000 kr i vår.
Sjå lista over alle mottakarar hos Sparebankstiftinga Seljord.
Artikkelen held fram under biletetFrå venstre: Iselin Stundal, leiar Sparebanken DIN Telemark avdeling Seljord, Solveig S Abrahamsen, styreleiar Sparebankstiftinga Seljord, Johannes Ø Skrede, nestleiar Seljord Kunstforening, Ben Roger Elvenes, banksjef Sparebanken DIN Telemark, Ingunn Furuvald, Flatdal IL, Inger Kristin Haugsevje, Nutheim Kunstsenter, Sondre Øverbø, Åmotsdal IL, Randi Nordskog, Granvins Venner, Tellef Solås, Seljord IL, Guro Mæland, markedsansvarleg Sparebanken DIN Telemark
Til markeringa under nattope i Sparebanken DIN Telemark sine lokaler i Seljord var det invitera 6 mottakarar, alle fekk over 50 000 kr til sine prosjekt:
Seljord IL v/Tellef Solås fekk 500.000 kr
- Me er veldig glade for at me har Sparebankstiftinga i ryggen, i løpet av 6 år har Seljord IL fått heile 3 millionar kroner. I fjor var jubileumsår for stiftinga og me fekk 1 million! Seljord IL er eit stort lag, med mange ulike prosjekt. I det siste har me renovera klubbhuset og grasbanen på Eventyrøy. Vidare har me etablera varmestoge på Raudkleiv skiområde. Av ikkje fullførte prosjekt er planlagt rulleskiarena på 500 m med asfalt og å utvide skiskytterarenaen frå 5 til 10 skiver. Med den nye vegen kan ein køyre heilt opp til klubbhuset på Raudkleiv, og på Eventyrøy har me begynt å grave til padelbane.
Flatdal IL v/Ingunn Furuvald fekk 200.000 kr
- Som stand in for styret stilte Ingunn opp og mottok sjekken på vegne av Flatdal IL. Ho fortel at laget er godt i gang med å bygge eit heilt nytt klubbhus. Dette er eit etterlengta prosjekt på idrettsbanen, der dei nyttar lokale handtverkerar saman med eit heilt arsenal av dugnadsinnsats. Me driv med mykje forskjellig i flatdal, og noterer bak øyra at innan 1.10 bør me sende inn ein ny søknad til Sparebankstiftinga Seljord
Åmotsdal IL v/Sondre Øverbø fekk 80.000 kr
Åmotsdal IL er også flittige gåvemiddelsøkarar, og i år søkte dei om pengar til ljos og grus til turvegen gjennom bygda. Dette er ein 3,3 km lang gangveg/skiveg – med moglegheit for å forlenge den i neste runde. Prosjektet har ei kostnadsramme på ca 4,8 millionar der ca 50 % av innsatsen er basera på dugnad.
Seljord kunstforening v/Johannes Ø. Skrede fekk 75.000 kr
Johannes er nestleiar i Seljord Kunstlåven som nå står framfor sin høgsesong på året. Tilstanden til kunstlåven har vore særs dårleg, både mysar og stokkmaur har prøva seg. Med støtte frå mellom ana Sparebankstiftinga seljord har låven fått et voldsomt løft. Pengene er bruka opp og Johannes takkar for gåva ved å ynskje alle lesarar av VTB velkommen til åpning fyrstkomande måndag. kl 17:00
Nutheim kunstsenter v/Inger Kristin Haugsevje fekk 50.000 kr
For to år sidan fekk Ånond Versto og Solveig Barstad støtte til eit prosjekt for å binde saman kunst og reiselivsnæring. Målet var å skape eit kraftfelt for kunst og kultur, der ein kan arrangere konsertar, kurs og kuratere utstillingar av høg kvalitet. Ved at støtteordningar, som mellom ana Sparebankstiftinga Seljord, trur på oss har me fått sjølvtillit til å sikte høgt, og booka sjølvaste Valkyrien Allstars førre helg. Me kjem til å gjera liknande stunt framover. Og for borna vil vi saman med Seljord husflidlag, skipe til verkstad ved jole – og påsketider.
Granvins venner v/Randi Nordskog fekk 50.000 kr
Dette er pengar me har god bruk for, uttalar Randi og viser til mellom ana VTB sin artikkel som fortel om sviktande publikum til kino, men at Granvin snur seg rundt og ser på andre måtar å skipe til aktivitet på huset. Nettopp Granvin arrangerar god gamaldags 90-tals party Nattopekvelden. Dei 50 000 vil Granvins venner mellom ana bruke til å å bygge ein ungdomskrok på Granvin, då ein ser mange av bygdas ungdommar nettopp samlar seg her – særleg etter skuletid.
Solveig Abrahamsen avslutta kvelden ved å takke for at dei frivillige dreg i gang så mange flotte prosjekt, og minna dei og alle dykk andre på at frist for neste søknadsrunde er 1.oktober 2024.
Les mer om stiftelsene våre
Gåvedryss i Seljord
Sparebankstiftinga Seljord delte ut gåvemidler under årets nattope
Millioner til lokale lag og foreninger
Se hvem som har fått støtte fra stiftelsene våre