Kva skjer om nokon av dine næraste døyr?

Det er fleire ting som må ordnast når ein av dei næraste døyr. Vi har her samla ein del informasjon om kva som skjer med avdødes kundetilhøve i banken og kva du må gjere og kva banken gjer med dødsbuet.

Kva gjer banken?

Når ein person er meldt død til Folkeregisteret, stenger vi av det meste av kundeforholdet hos oss. Vi er som bank plikta til å sikre midlar i buet slik at arveoppgjeret kan gå sin gang.

Banken har teieplikt, også på vegne av den avdøde og kan av den grunn ikkje gje ut opplysningar om buet utan at dei rette fullmaktene er på plass frå tingretten.

Pass på å skaffe deg tilstrekkelig informasjon om buet og hva som må gjerast, slik at du som arving kan velje den skifteforma som passar dykk. Val om skifteform må meldast til retten innan 60 dagar etter dødsfallet.

Les meir hos tingretten.

Kva skjer med konto og tenester i banken?

  • Alle fullmakter for andre med tilgang blir fjerna. Dette gjeld sjølv om du som arving har hatt fullmakt tidlegare.
  • Banken stengjer kort, nettbank og BankID som høyrer til den avdøde. Dette er personleg og skal difor ikkje nyttast av andre.
  • Faste betalingsavtaler, eFaktura og AvtaleGiro blir stoppa og sletta. Leverandørar med betalingskrav vil vanlegvis endre til papirfaktura i posten. Eventuelle avtaler med leverandørar må avsluttast direkte med dei.
  • Fast trekk til lån i banken held fram som normalt.
  • Kontoar er opne for innskot.

Faktura for gravferda kan dekkast av buet før skifteattest er på plass. Ver venleg å merke fakturaen tydeleg med namnet til den avdøde. Utgifter til gravstein dekkast ikkje.

Ynskjer du bistand?

Ta kontakt med vårt kundesenter for å avtale møte.

  • Avtalar du møte set rådgjevaren av nok tid
  • Ta med alle dei papira du har
  • Hugs fullmakter frå andre arvingar

Oftast stilte spørsmål

Kor får vi skifteattest?
Du må ta kontakt med tingretten som høyrer til fylket eller regionen som den avdøde var busett i. Er du usikker på kva det heiter, kan du gå inn på Norges domstoler og søke det opp der. 
Kva er forskjellen på privat og offentleg skifte?

Arvingane kan velgje mellom privat og offentleg skifte og må saman ta stilling til det. Privat skifte er mest vanleg og som regel mindre kostbart. Privat skifte inneber at arvingane sjølve gjennomfører skifte og deretter fordelar verdiar i buet. 

I eit offentleg skifte er det tingretten som tek hand om skiftet. Denne formen er kostbar og kostnadane vert belasta dødsbuet. Er gjeld større enn verdiar i buet eller arvingane er uenige om fordeling, kan ein anbefale offentleg skifte. Ta kontakt med lokal tingrett der avdøde var busett om de ynskjer offentleg skifte av buet.

 
Kva er forskjellen på skifte og uskifte?

Skifte inneber at det vert føreteke eit buskifte. Skifteattest må utstedast og målet er at dødsbuet skal gjerast opp og arven fordelast mellom livsarvingar. Gjenlevande ektefelle har rett til å overta felleseige uskifta med avdødes andre arvingar. Då vert oppgjer og fordeling av dødsbuet sett på vent. Eventuelle særkullsbarn må gje samtykke til uskifte.

Ein uskifteattest trengs når dødsbuet skal overtas av den avdødes ektefelle.

Kan eg få tilgang til avdødes konto via eigen nettbank?
Av omsyn til personvern får ein ikkje tilgang til avdødes konto i eigen nettbank. Ynskjer ein elektronisk tilgang til midlane, må ein opne ein ny konto på den fullmektige og overføre midlane til den kontoen. 
Kan eg få kontoutskrifter frå avdødes kontoar?
Alle arvingar som står nemd på skifteattesten har rett på å få ut informasjon om den avdødes kontoar, inntil 3 månader før dødsdato. Dette tas ut av banken og kan ikkje hentas via avdødes nettbank. 
Min pensjon kjem inn til avdødes konto, korleis får eg tilgang på pengane?

Dersom kontoen som pensjonen/lønn til den gjenlevande ektefelle/sambuar kjem inn på, står i namnet til den avdøde, vert i hovudsak kontoen sperra, fram til skifteattest er levert. 

Dersom du kan dokumentere at du får pensjon/lønn innbetalt til avdødes konto, kan vi hjelpe med å overføre dette til din private konto. Dersom du ikkje har eigen konto, vil vi da anbefale å opne ein ny konto på deg og føre over dine midlar dit. Hugs å melde frå til avsendar om ny konto for overføring. 

Kva skjer med bankforholdet om ingen overtek dødsbuet?

Dersom den avdøde ikkje har arvingar etter loven eller testament, skal nettoformuen gå til frivillig verksemd til fordel for barn og unge. 

Slike dødsbu er regulera av arvelova §§ 76 og 77.

Sjå meir i Arvelova

Spørsmål om eigedom i buet?

I mange buoppgjer skal eigedom selgast. For rettleiing kan arvingar ta kontakt med vår partner Lokalmegleren & Partners.