Om pensjonssparing

Pensjonen din bør vere samansett av 3 delar:
    • Folketrygda 
    • Tenestepensjon
    • Eiga sparing

Alle som jobbar, får dei to første, men dette er ikkje nok til å oppnå den same inntekta som du har i dag. Du bør tenkje langsiktig og ha det same forholdet til di eiga sparing i aksjar som du har når det gjeld sparinga di i eigedom. La denne sparinga gå sin gang og fokuser på det langsiktige.

Du må sjølv tenkje gjennom kva risiko du ønskjer å ta på deg. Folketrygda køyrer ein forsiktig til moderat risiko og arbeidsgivaren din gjer som regel det same. Den einaste måten å få høg avkastning på, er å ta risiko, og det er derfor du bør spare i aksjefond. Din vilje og evne til å ta denne risikoen avheng sjølvsagt av fleire faktorar, der alder, økonomisk situasjon og tidshorisont tel med. Vi har fleire fond som investerer i ulike marknader som du kan velje mellom.

Pensjon frå folketrygda
Tidlegare blei pensjonen fastsett ut frå dei 20 beste inntektsåra dine. I det nye pensjonssystemet blir den opptente inntektspensjon samla gjennom heile livet.
Pensjonsutbetalinga di avheng derfor av kor lenge du har vore i arbeid. Såleis vil lang utdanning, tidleg pensjonsalder, eller om du av andre grunnar ikkje har vore i arbeid over ein lengre periode, gjere at beløpet du får utbetalt blir mindre.

Dei nye pensjonsreglane

Levealderjustering
    • Pensjonen blir justert etter forventa levealder for årskullet.
    • Når vi lever lenger, må vi jobbe lenger for å oppretthalde pensjonsnivået.

Fleksibelt uttak
    • Det skal lønne seg å jobbe for dei som er over 62 år.
    • Ein skal kunne ta ut pensjon og jobbe vidare parallelt utan avkorting frå 62 år.
    • Du kan velje i kva grad du ønskjer å ta ut pensjon. Intervalla er 20, 40, 50, 60, 80 prosent eller full pensjon.
    • Startar ein å ta ut pensjon tidleg, blir den årlege utbetalinga frå folketrygda mindre, sidan oppspart pensjonskapital skal utbetalast over fleire år.

Ny oppteningsmodell
    • Alle år tel like mykje (13-75 år)

Pensjon frå arbeidsgivar
    • Ein ytingspensjon har som kjenneteikn at utbetalinga ved pensjonsalder på 67 år er avtalt på førehand.
    • Alderspensjonen er livsvarig.
    • Føresetnadene for full opptening i folketrygda er 40 år og full opptening i bedriftsordninga er 30 år.
    • Innbetalinga for bedrifta varierer frå år til år. Innbetalinga er i samsvar med tenestetida, alderen og lønnsnivået til den tilsette.

Innskotspensjon
    • Ved innskotspensjon er innbetalinga bestemt som ein prosent av lønna til den tilsette. Det er ikkje avtalt ei fast yting ved pensjonsalder. Pensjonsutbetalinga kan variere ut frå storleiken på     innbetalinga, lengda på utbetalinga og avkastninga på pensjonskapitalen.
    • Kostnadene for bedrifta når det gjeld innbetalingar til pensjonsordninga kan reknast ut på førehand, sidan det er ein prosentdel av lønna den tilsette til eikvar tid har.
    • Pensjonskapitalen skal minimum utbetalast i 10 år, likevel ikkje kortare enn til 77 år.

Maksimalsatsane i lova for innskot er
    • 7 prosent mellom lønn på 0G til 7,1G
    • 25,1 prosent av lønn mellom 7,1G og 12G
    • Lønn over 12G er det inga pensjonsinnbetaling for

Minimumskravet i lova – OTP (Obligatorisk tenestepensjon)
    • 2 prosent av lønn mellom 1G og 12G

Fripolisar med garanti
Ein fripolise er ein tent pensjonsrett frå ein ytelsespensjon i eit tidlegare arbeidsforhold. Fripolisen kan inkludere alderspensjon, uføre og attlevandepensjon. Den kan utbetalast når som helst etter fylte 62 år, uavhengig om du framleis er i jobb eller ikkje. Fripolisar gir deg ei garantert årleg pensjonsinntekt. Du kan ikkje påverke forvaltninga av denne, og derfor heller ikkje påverke moglegheita til å få ei høgare pensjonsutbetaling.

Fripolisar med investeringsval
Finansdepartementet har fastsette at du frå 1.september 2014 kan endre fripolisen din til fripolise med investeringsval. Det er berre alderspensjonen i fripolisen din som kan endrast til fripolise med investeringsval. Vel du fripolise med investeringsval kan du sjølv bestemme korleis pensjonskapitalen skal forvaltast. Jo høgare avkastning du får på fripolisen din, jo høgare blir også pensjonen din. Historisk har avkastninga i aksjemarknaden vore høgare enn garantien på fripolisen, men husk at aksjemarknaden vil svinge i verdi.

Kven passar investeringsval for?
Fripolise med investeringsval passar for deg som vil vere med å påverke avkastninga på fripolisen din. Generelt kan ein seie at jo yngre ein er, jo større moglegheiter har ein for meiravkastning i aksjemarknaden. Det vil seie at moglegheita for høgare pensjon først og fremst vil gjelde for kundar som har ein del år igjen til pensjonsalder. Fripolise med investeringsval vil derfor ikkje lønne seg for alle. Vi ønskjer at du skal gjere gode val for pensjonen din og hjelper deg gjerne med å finne ut om fripolisen din kan flyttast.

Finn ut om du har ein fripolise
På nettsida til Norsk Pensjon har alle livselskapa lagt inn register over fripolisar og andre pensjonsavtalar.

Utbetaling av pensjon
Alderspensjonen blir utbetalt ved oppnådd pensjonsalder over minimum 10 år. Ved dødsfall blir pensjonen fordelt først til barn, deretter dei etterlatne og til slutt dødsbu.

Pensjonsalder
Pensjonsalderen skal normalt ikkje setjast under 67 år. Det gjeld likevel ein lågare pensjonsalder for enkelte arbeidsgrupper, fastsett i forskrift/lov.

Utbetaling av pensjonskapital
Utbetaling av pensjon blir skattlagd som inntekt. Det blir lagt låg folketrygd til grunn, noko som gjer at det er lågare skatt på pensjonsinntekt enn på arbeidsinntekt.

Ved dødsfall
Ved død skal pensjonskapitalen fordelast på følgjande måte:
    • Barnepensjon. Ved død skal kapitalen nyttast til å sikre barnepensjon til barn som den forsikra forsørgde.
    • Attlevandepensjon: Når barnet/barna er sikra, eller det ikkje er barn, skal ektefelle, sambuar eller registrert partnar ha utbetalt pensjon over minimum 10 år. Attlevandepensjon blir skattlagd som inntekt.
    • Til dødsbu: Når kapitalen er større enn nødvendig for å sikre barn og det ikkje finst ektefelle, sambuar eller registrert partnar med rettar, blir det overskytande utbetalt til dødsbuet.

Fordelinga er i tråd med Lov om innskotspensjon i arbeidsforhold § 7-4.