Forslag på kandidatar må kome til valnemnda innan 16. desember 2019.

Forslag sendast på e-post til; firmapost@sparebankendin.no eller du kan levere den i ein av banken sine ekspedisjonsstader. Skriv namn og adresse på den som blir foreslege.

Merkast med forslag kundeval 2020.

 

Valnemnda vil samle alle forslag, vurdere og prioritere. Dei vil legge fram sine forslag på kandidatar og gjennomføre kundeval 20. januar 2020.

 

Valkrins Seljord; Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje.
Valkrins Bø; Bø, Sauherad og Nome

Kundane vart i utlysning frå 28. november på heimesida til banken og med oppslag i banken oppmoda om å kome med forslag på kandidatar innan 16. desember.

Valnemnda har etter dette vurdera kandidatar, og kjem med forslag på 3 kandidatar i kvar kategori og valkrins, der kundane skal velje 2 medlemmer av

dei 3. Det er ikkje høve til å kome med nye forslag på kandidatar ved kundevalet.

Dei to kandidatane frå valkrinsane Seljord og Bø som får flest stemmer blir valde. Kandidatane må ha bustad eller verke i dei to valkrinsane.

Val blir gjennomført i Sparebanken DIN sine banklokale måndag 20. januar mellom

kl. 09.00 og 15.00.

Kven som kan stemme ;

Dei myndige kundane i Sparebanken DIN som har, og i dei siste 6 månadene har hatt, innskot eller lån på minst kr 2.500 har røysterett når kundane skal velje medlemmer til generalforsamlinga i Sparebanken DIN. 

Kvar kunde kan røyste på medlemmer i begge valkrinsane.

Forslag frå valnemnda ;       

 

Dei to som får flest stemmer i kvar valkrins blir valde.  Har to likt antal stemmer blir den valt som samla sett har best rangering av dei to frå valnemda.

Stemmesetlar blir lagt ut i banklokala valdagen, og dei som vil gje stemme må registrere seg og levere sin stemmesedel. I banklokala ligg det oversikt over noverande tillitsvalde i banken, samt banken sine vedtekter og rutinar ved valet.

 

 

Mappe med utlysning, stemmesedel, noverande tillitsvalde og banken sine vedtekter er lagt ut i banken sine ekspedisjonslokale.