Foto kreditt: Bermix Studio

Unngå svindel: Slik vernar du deg mot digitale bedrag

Kvart år blir mange nordmenn utsette for svindelforsøk, særleg i samband med skattemeldinga. Svindlarar misbrukar offentlege etatar sine namn for å lure folk til å gje frå seg sensitiv informasjon. Live Strand, rådgjevar for betalingsformidling og kompetanse i Sparebanken DIN Telemark, deler sine beste råd for korleis du kan kjenne igjen svindelforsøk og beskytte deg mot digitale bedrag.

Foto kreditt: Bermix Studio

Dei vanlegaste metodane svindlarane brukar

Svindlarar nyttar ofte logoar og namn frå Altinn og Skatteetaten i phishing-SMS og e-postar. Desse meldingane inneheld lenkjer som ser ekte ut, men som i realiteten er laga for å stjela sensitiv informasjon som kort- og kontoinformasjon eller BankID-opplysningar.

– Budskapet kan typisk vere at du har pengar til gode på skatten, og for å få att desse må du registrere diverse opplysningar. Det som faktisk skjer, er at svindlarane speglar informasjonen du legg inn og bruker det til å utføre transaksjonar på andre nettstader eller overføringar frå kontoen din i nettbanken, forklarar Strand.

Skatteoppgjeret blir behandla i perioden mars til oktober, noko som betyr at slike svindelforsøk skjer store delar av året.

Kva gjer du dersom du mottar ein mistenkeleg SMS, e-post eller telefonoppringing?

For å unngå å bli lurt, rådar Strand kundane til å vere ekstra merksame på:

  • Avsendar: Sjekk alltid kven som har sendt meldinga, og ikkje berre sjå på visningsnamnet.
  • Språket: Dårleg norsk kan vere eit teikn på svindel, men med KI (Kunstig intelligens) har dette blitt vanskelegare å avsløre.
  • Lenkjer: Viss meldinga inneheld ei lenkje, er det stor sjanse for at det er phishing. Logg alltid inn via den offisielle nettsida eller appen til tenesteleverandøren.
  • Telefonoppringingar: Ikkje oppgi personlege kodar til nokon, uansett kven som ringer. Banken eller politiet vil aldri be deg om dette.
  • BankID-signering: Les BankID-varselet nøye. Signer aldri noko utan å vere heilt trygg på kva du godkjenner.

Artikkelen fortset under bilete


Rådgjevar Live Strand

Korleis kan du beskytte deg mot svindel generelt?

For å sikre seg mot digitale bedrag, rådar Strand kundane til å:

  • Ha eit aktivt forhold til nettbanken og setje ein låg beløpsgrense for transaksjonar.
  • Aldri oppdatere personleg informasjon via tilsendte lenkjer, men alltid gjere dette på "Mine sider" hos den aktuelle tenesteleverandøren.
  • Unngå å handle i hastverk. Svindlarar bruker ofte stressande meldingar for å få deg til å handle raskt.
  • Stopp opp og tenk: Har eg faktisk eit kundeforhold hos denne aktøren? Virkar meldinga truverdig?

Kva gjer banken for å hjelpe kundane?

Sparebanken DIN Telemark jobbar aktivt for å beskytte kundane mot svindel gjennom fleire tiltak:

  • Informasjon via fysiske møter, sosiale medier og nettsida.
  • Ulike antisvindelløysingar som kan stoppe svindelforsøk før dei gjer skade.

Konklusjon

Svindelmetodane blir stadig meir sofistikerte, men ved å vere medviten og følgje enkle tryggingsråd kan du redusere risikoen for å bli lurt. Har du nokon gong mistanke om svindel, ikkje nøl med å kontakte banken for rådgiving. Det er alltid betre å vere på den sikre sida!

 

Lær deg selvforsvar mot svindel

Kampanjen «NO WAY – Du lurer ikke meg» er en felles informasjonskampanje for norske banker som et av flere tiltak for å forebygge, avdekke og følge opp svindel. Målet med kampanjen er å lære kundene selvforsvar mot svindel, ved å identifisere og unngå svindelforsøk.