Bli med i vårt rådgjevarteam i Seljord
Som ein godt etablert LOKALBANK i Telemark, treng vi fleire solide bankrådgjevarar for å bistå både eksisterande og nye kundar.
Til vårt kontor i Seljord søkjer vi no etter ein erfaren og engasjert
Rådgjevar Privatmarknad
Om Banken
Me er ein lokal utviklingsorientert sparebank med 37 tilsette, ein forretningskapital på 7,5 milliardar kroner og 4 kontor i hhv. Seljord, Bø, Skien og Åmot. Me er opptatt av å utgjere ein skilnad i våre lokalsamfunn. Sparebanken DIN har ein solid marknadsandel i Telemark, og vil med nytt kontor i Notodden kunne tilby kundar eit endå betre tilbod om tilstadesver.
Arbeidsoppgåver
Me søkjer deg som trivst med kunderetta arbeid. Du har ein oppsøkande væremåte, er oppriktig interessert i gode kunderelasjonar, og har eit sterkt ønske om å bidra til samskaping med kundar for å skape god og solid økonomisk vekst både hjå kundane og i banken.
Me heier på ein aktiv, heilskapleg og serviceorientert kunderådgiving, med ønske om langsiktige og gode kundeforhold. Heilskapleg økonomisk rådgiving og sal av banken sine produkt og tenester i tråd med kundens behov er vårt oppdrag.
Våre tilsette er alle ambassadørar for banken, og saman bidrar me alle til kontinuerleg forbetring og kunnskapsdeling for å utvikle oss, slik at me er rusta til å styrke våre nære band til kundar og våre kjære lokalsamfunn.
Kven er du?
Du vil vere ein aktiv og serviceorientert rådgjevar, som trivst med å ta initiativ og gje ein proaktiv heilskapleg økonomisk rådgiving, med behovsretta sal av banken sine produkt og tenester.
Du vil bidra til kunderekruttering gjennom eigne aktivitetar og som ein god ambassadør for banken. Saman med leiar og kollegaer i banken vil du bidra til kontinuerlege forbetringar og kunnskapsdeling i eit nytt team som vil vere brennande opptatt av å styrke våre nære band til kundar og lokalsamfunn.
Kvalifikasjonar
Me ønskjer at du har relevant høgare utdanning og erfaring innan økonomi, administrasjon eller tilsvarande.
Du er generelt glad i folk, og jobbar godt saman med andre. Du er god på teknologi og systemer, og har også jobba i miljø der forbetring og forenkling har vore i fokus. Ein bank har strenge regulatoriske krav og reglar som ein må forholde seg til, noko du forstår og respekterer.
Personlege eigenskapar
Du er sjølvstendig, initiativrik og ansvarsfull. Du er strukturert og opptatt av å fullføre oppgåvene dine på ein skikkeleg måte. Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, trivst med kundearbeid og er opptatt av å tilby markedets beste kundeservice.
Me tilbyr
Me tilbyr ein spennande stilling i ein trygg og solid bank. Du vil bli ein viktig tilvekst i ein Lokal og veksande bank med eit sunt og godt arbeidsmiljø.
Me tilbyr konkurransedyktige vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar. God opplæring og gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter får de på kjøpet. I dette ligg også moglegheita til å vere med å vidareutvikle framtidas bankallianse - LOKALBANK, der me saman med 9 andre banker bidrar i eit effektivt konsept for banksamarbeid.
Dersom du trur dette kan vere noko for deg, ikkje nøl med å søke. Me tar ein prat og ser om det kan vere ein god match for begge partar.
Søknadsfrist torsdag 10. august.