Tips og råd til bedrifter
-
Lag ein forretningsplan
Den viktigaste faktoren for å skape vekst er ein god og gjennomtenkt forretningsplan. Forretningsplanen bør innehalde:
- Idé- og målbeskriving: Kva er forretningsideen din? Kva ønskjer du å oppnå?
- Produkt-/tenestebeskriving: Kva er produktet eller tenesta du sel?
- Marknadsanalyse: Kva for ein marknad tilhøyrer bedrifta di? Kven er kundane og konkurrentane dine – og korleis skil bedrifta di seg frå konkurrentane si?
- Økonomi: Set opp eit budsjett for framtida – fokuser på sal, likviditet og resultat.
- Kapitalbehov: Kva skal du investere i, og kor stort finansieringsbehov har bedrifta di?
Treng du hjelp til å setje opp ein forretningsplan? Last ned vår mal (word) eller kontakt oss.
-
Kartlegg nettverket ditt
For å lukkast med vekst bør du kartleggje og styrkje samarbeidet med samarbeidspartnarane og underleverandørane dine. Det er føremålstenleg å svare på desse spørsmåla:
- Kor avhengig er du av samarbeidspartnarane dine? Er nokon kritisk viktige?
- Korleis er forholdet mellom bedrifta di og samarbeidspartnarane/underleverandørane dine?
- Har samarbeidspartnarane/underleverandørane ein god og stabil økonomi?
- Er det mogleg å utvide nettverket ditt – og er det behov for det?
-
Lag eit likviditetsbudsjett
Mange bedrifter i vekst opplever at kostnadene kjem på fortare enn inntektene. For å få kontroll på pengestraumen bør du lage eit likviditetsbudsjett. Likviditetsbudsjettet bør innehalde:
- Oversikt over løpande inntekter og kostnader
- Oversikt over periodiske utgiftspostar slik som mva og feriepengar
- Budsjettering over forventa innbetalingar frå kunde
Treng du hjelp til å setje opp eit likviditetsbudsjett? Last ned vår mal (excel) eller kontakt oss.
-
Etabler gode faktureringsrutinar
- Fakturer ofte og ikkje gi kundane dine unødvendig lang kreditt.
- Set betalingsvilkåra dine til 7 eller 14 dagars betalingsfrist eller fakturer på førehand.
- Be om lengre kredittid hjå leverandørane dine. Kan du kombinere dette med raskare innbetalingar, blir likviditeten til bedrifta svært mykje betre.
-
Hald orden på kundane dine
- Kredittsjekk nye kundar når du opprettar eit kundeforhold – på denne måten sikrar du deg dersom kunden har dårleg betalingsevne-/vilje