Har du betalt minimum 50 % av utgiftene reisa har til transport og /eller overnatting med kredittkortet har du automatisk reise- og avbestillingsforsikring inkludert. Den inkluderte reiseforsikringa dekker mellom anna legemeldt sjukdom ved reisa.  

På grunn av koronautbrotet treng mange å endra ferieplanane for påsken og avbestilla eller endra allereie bestilte reiser. For å kunna avbestilla utan at du eller nokon i reisefølgjet er sjuk, treng du ein ordinær helårs reiseforsikring.

Inntil vidare gjeld følgjande i samband med koronautbrotet (informasjonen blir fortløpande oppdatert)
• Ved legeordinert karantene eller sjukdom blir dekt avbestilling av reise, dersom karantenetida /sjukdom hindrar reisa. Avbestilling som følgje av UD reiseråda sine blir ikkje dekte av denne forsikringa.

Kva reisande blir dekte av forsikringa?
Korthaldar og inntil 3 medreisende. Er det fleire enn 3 medreisende, er dei 3 yngste dekt. Dei medreisende må følgja same reiserute, reisetider og tilhaldsstader som korthaldar for å vera forsikra. Alle må vera medlemmer av Norsk Folketrygd og vera busett i Noreg. Reisa må òg starta og slutta i Noreg.
 
Når gjeld reiseforsikringa?
• På reiser med varigheit inntil 90 dagar. For reiser som varer eller skal vara i meir enn 90 dagar gjeld ikkje forsikringa for nokon del av reisa. 
• For reiser med open retur og reiser utan returbillett gjeld forsikringa for reisas første 45 dagar.

Når gjeld avbestillingsforsikringen?
• Ho gjeld frå det tidspunktet minst 50 % av den totale kostnaden for reisa til transport og/eller overnatting er betalt med kortet. 
• Depositum blir dekt frå det tidspunktet 100 % av depositumet er betalt med bruk av kortet.
• Reisa må starta og slutta i Noreg og forsikringa opphøyrer ved avreisetidspunktet.
 
Aldersavgrensingar:
• Avbestillingsforsikringen gjeld ikkje for personar som er fylte 75 år. 
• Reisesjuke og heimtransport gjeld ikkje for personar som er fylte 75 år. 
• Ulykkesforsikringa gir redusert erstatning for personar over 75 år. Opphøyrer ved fylte 80 år.

Vi tilrår deg å ta ein titt på forsikringsvilkåra våre og gjera deg kjend med dei ulike dekningane. Treng du å melda inn skade kan du gjera dette elektronisk her.