I heile juni, juli og august får du 5 % rabatt når du bruker din Gold kredittkort på familieparkar og turistattraksjonar i både inn- og utland (for dei som kan reise dit utover sommaren?😎). Du kan spare inntil 500 kr i månaden.

Slik får du rabatten
Rabatten får du automatisk når du bruker kredittkortet ditt på familieparkar, badeland, dyreparkar, leikeland og andre turistattraksjonar registrert med ein av følgjande bransjekodar:

  • 7991 - Turistattraksjonar, musé og utstillingar
  • 7996 - Familieparkar, tivoli og sirkus
  • 7998 - Akvarium og dyreparkar

Vi har laga ei lita liste med dei mest kjende stadene du kan få rabatt på: Tusenfryd, Hunderfossen, Dyreparken i Kristiansand, Turistforeningen DNT, Bø Sommarland, Pirbadet, Tivoli København, Atlanterhavsparken, Lilleputthammer, Vossvind.


Det viktige med den vesle skrifta

Alle brukarstader er registrerte med ein bransjekode i Mastercard sitt nettverk. Dette for å tydeleggjere kva kategori brukarstaden tilhøyrer. Vi står ikkje ansvarlege for eventuelle feilregistreringar som fører til uteblitt rabatt. Det vil ikkje bli utbetalt rabatt på kjøp som fell inn under andre bransjekodar.

Rabatten gjeld ikkje ved betaling med kredittkort i ulike digitale lommebøker (f. eks. Google Pay, Vipps, klokkebetaling) og for billettar som allereie er bestilt.

Når kjem pengane på konto?

Rabatten blir utbetalt automatisk til kredittkortet din månaden etter at kjøpet er gjort. Sjå etter «Eika sommarrabatt» i transaksjonsoversikta i mobil- og nettbanken eller på den månadlege fakturaen din, så får du oversikt over kva du har spart.

Enno ikkje fått kreditt-💳 frå oss?
Det er ikkje for seint å få gode rabattar i sommar. Søkjer du om kortet i perioden 01.06 - 15.06.2021 får du også gratis kaffi ut året på alle Circle K stasjonar med på kjøpet. Vi gir Circle K-Koppen gratis til alle nye kredittkortkundar i denne perioden. Då blir årets bilferie både rimelegare og meir behageleg.

Gåvekort på Circle K-Koppen blir send ut i etterkant av kortutsendinga til dei som får innvilga kredittkort.

Vi ønskjer deg og din ein god sommar!