Det finst mange gode grunnar til kvifor det lønner seg å bruka kredittkortet vårt – at pengane dine er sikrare er berre éin av dei. 

  1. Reiseopplevingar i verdsklasse 
    Noreg har utruleg mykje å by på og noko for kvar og ein smak. Er du usikker på kva du kan oppleva som turist i eige land tilrår vi at du tar ein titt på nettsidene til Visitnorway.no. Her finn du aktuell koronainformasjon og ei rekke gode tips til ein uforglemmelig norgesferie.

    Husk å booka hotellopphaldet med kredittkortet så er du trygg dersom noko skulle skje. Og ei god oversikt over ledige hotell til ein rimmelig pris finn du hos Eika Hoteller. Visste du forresten at du òg får 10 % rabatt hos Eika Leiebil når du betaler leigebilen med kredittkortet ditt frå oss?

    Gunstige tilleggsforsikringar
    Er du ein av dei som er opptatt av ekstra tryggleik på reise, har vi òg gunstige tilleggsforsikringar du kan knyta til kredittkortet ditt.

    Utvida reise- og avbestillingsforsikring
    Passer for deg som ønsker høgare dekkninger i forhold til forsikringa som allereie er inkludert i kortet. I tillegg får du tilgang til over 1300 flyplasslounger gjennom Priority Pass, ideelt for deg som ofte er på reisefot.

    Forsikringane kostar 249 kr for eit år av gongen og kan enkelt kjøpast i mobil- og nettbanken under Eika Fordel.

    Egenandelsforsikring leigebil
    Skal du leie bil i ferien, kan du no teikna ei eiga forsikring som dekker din egenandel ved kollisjon! Du får dekt inntil kr 20.000 per skade, avgrensa oppover til kr 40.000 per år ved skadar som følgje av kaskoskade eller tjuveri av køyretøyet. Det blir gitt maksimum erstatning for to skadar per korthaldar per år.

    Forsikringane kostar 199 kr for eit år av gongen og kan enkelt kjøpast i mobil- og nettbanken under Eika Fordel.

  2. Reise- og avbestillingsforsikring er inkludert
    Visste du at dersom du betaler minst halvparten av reisa di med kredittkortet, får du reise- og avbestillingsforsikring med på kjøpet? Dette gjeld òg for reiser innanlands. Forsikringa dekker tapet ditt om du blir sjuk eller får stole frå verdisaker i ferien. Han gjeld òg ved forseinkingar i samband med flyreiser, sjølv når turen tar knapt ei times tid mellom Bergen og Oslo.

    Vi tilrår deg som skal bestilla nye reiser om å betala desse med kredittkortet frå oss, dette grunna den spesielle situasjonen flyselskap og reisearrangørar no er i. Booker du reisa med kredittkortet kan du sikra deg mot eventuelle tap som kan finnast grunna moglege konkursar eller uventa reiserestriksjonar.

    I tillegg er det viktig at du forheld deg til UDs gjeldande restriksjonar og reiseråd. I praksis betyr dette at dersom du vel å dra på ferie til eit land som UD rår mot reiser til, vil du ikkje vera dekt av reise- og avbestillingsforsikringen i kortet. Følg med på rådet frå styresmaktene og tilpass ferieplanane deretter.


  3. Banken sine pengar – ikkje dine
    La oss innsjå det. Det hender at lommebøker blir borte og kort blir stole. Kjem kortet ditt i hendene til feil menneske, kan det fort bli tomt på kontoen. Har du brukt eit vanleg bankkort som er knytt til brukskontoen din, er det pengane dine som blir borte.

    Har du i staden betalt med kredittkortet ditt frå oss, er det på ein måte pengane våre som blir stole.

    Uansett kva du skal i sommar – ta vare på feriekosen! Planlegg reisa godt og nyt dagane med dei du er glad i!