Innhald

Mange kvir seg for å gå gjennom sjølvmeldinga, særleg når den allereie er «ferdig utfylt». For nokon er det ikkje nødvendig å gjere endringar, likevel bør du alltid gå gjennom den og sørgje for at alle opplysningane er korrekte. Fristen for å levera sjølvmeldinga i år er 30. april.

– Logg inn og sjekk at opplysningar som er førehandsutfylt i sjølvmeldinga faktiske stemmer, og at det ikkje er noko som manglar, seier Thomas Tangen, kommunikasjonsrådgivar i Skattedirektoratet.

Han oppmodar også til å vere ekstra nøye på punkta som omhandlar frådrag – her kan det nemleg vere mange skattekroner å spare.

– Sjekk blant anna at du har fått alle frådraga du har krav på, seier Tangen.

Har du for eksempel barn under 12 år, eller lang reiseveg til og frå jobb, er dette noko du kan få frådrag for. Dersom du er usikker på kva frådrag som gjeld for deg, kan du sjekke dette på Skatteetatens eigen frådragsrettleiar.

Andre viktige punkt å sjå over:
1. Er du i riktig skatteklasse?

Har du for eksempel nettopp gifta deg bør du sjekke at du har blitt likna i riktig skatteklasse. Hugs at det er skatteklassa di som avgjer kor stort personavdrag du får. Til hugseregel er det tre skatteklasser: Klasse 0, klasse 1 og klasse 2. Det er dei to sistnemnde som er dei vanlegaste.

2. Har du bustad? Sjekk ligningsverdien

Veldig mange har for høg likningsverdi på bustaden sin, utan at dei eingong er klar over det. Bur du i ein kommune som har eigedomsskatt, bør du vita at formuegrunnlaget Skatteetaten baserar seg på når dei reknar ut likningsverdien, også kan nyttast av kommunen når det skal skriva ut eigedomsskatt.

3. Har du fleire arbeidsgivarar? Sjå over løn

Når ein har fleire arbeidsgivarar kan det vere fort gjort å oversjå ein av dei – men det kan kosta deg dyrt. Gløymer du å oppgje inntekter i sjølvmeldinga kan dette straffast med tilleggsskatt. Derfor – sjekk at all løn og godtgjersler er kome med.

4. Solgt aksjar eller verdipapir?

Har du selt aksjar eller verdipapir må du sjekke at riktig inngangsverdi eller kjøpesum er nytta.

Di sjølvmelding – ditt ansvar

I tillegg til sjekkpunkta over, må du alltid sjå til at det du har fått i lønn og betalt i skatt er riktig.

– Dette sjekkar du ved å samanlikne summane i den årlege samanstillinga av inntekter, frådrag og skattetrekk du får frå arbeidsgivaren din, med tala i sjølvmeldinga, seier Tangen.

Mottek du pensjon eller uføretrygd gjeld same prinsippet her. Oversikta får du av NAV eller andre du eventuelt mottek pensjon eller trygd frå.

Treng du råd eller rettleiing med tanke på sjølvmeldinga? Ta kontakt med ein rådgjevar.

God rådgiving skaper tillit

Resultata frå Norsk Kundebarometer er svært hyggjeleg lesnad for bankane i Eika Alliansen. Dei får beste score i bransjen på tillit - og er blant svært få i bransjen som forbetrar scoren sin.