Det kan vere lurt å bruke litt ekstra tid på å sikre huset før ein reiser bort. Slik kan ein unngå å kome heim til ein endevend eller skadd heim.

Sørg for at dører og vindauge er låste 
Sjå at vindauge og dører er lukka og låst før du reiser. Ikkje legg igjen nøkkel til huset i blomsterpotter eller utanfor huset. Spør heller venner eller ein nabo om dei kan oppbevare nøkkel for deg, slik at dei har tilgang til huset om noko skulle skje. Før du reiser bør du også ta ein sjekk rundt huset for å sjå at bodar og garasje er låste, samt at det ikkje ligg verktøy, stigar o.l. tilgjengeleg for eventuelle innbrotstjuvar.

Skru på bustadalarmen før du reiser 
Har du bustadalarm bør du sørgje for at denne er skrudd på før du reiser. Eit hus med installert bustadalarm tilknytte ein alarmsentral kan verke avskrekkande på innbrotstjuvar. Ein bustadalarm kan også varsle alarmsentralen dersom brannalarmen skulle gå.

Få huset til å sjå bebodd ut
Skal du vere lenge borte kan det vere lurt å omadressere post, slik at postkassa ikkje flyt over. Eventuelt kan du spørje ein nabo om han kan ta inn posten mens du er bortreist. Samtidig kan det vere lurt å la det vere igjen noko søppel i søppeldunkane dine. Ei full postkasse og tom søppeldunk er tydelege teikn på at ingen er heime. 

Steng hovudstoppekrana
Eit godt tips er å alltid stengje hovudstoppekrana når ein er bortreist over ein lengre periode. Slik kan du unngå å kome heim til eit vasskadd hus. Alle i husstanden bør vite kor hovudstoppekrana er og korleis ein stengjer den.

Alliere deg med naboen 
Det kan vere lurt å informere naboen om kor lenge du skal vere bortreist. Høyr om naboen kan halde ekstra utkik med bustaden din mens du er borte. Skal du vere borte lenge, kan det lønne seg å høyre om somme kan vatne plantene dine.

Slå av elektrisk utstyr
Slå av elektrisk utstyr som ikkje er i bruk. Dra ut kontakten til kaffitraktar, TV og andre elektriske apparat.

Reis ikkje frå huset med alle lys på 
Det er ingen god idé å reise frå huset med alle lys på. Har du smartplugg med timar kan du stille denne inn slik at lyset slår seg av og på ein gong i blant mens du er bortreist. Sørg i tillegg for å ha tilstrekkeleg med utebelysning.

Ver forsiktig med sosiale medium 
Statusoppdateringar og innlegg på sosiale medium kan vere synlege for fleire enn vennene dine. Det er derfor lurt å vere forsiktig med å annonsere at ein skal reise bort.