Pengesetlar og kronestykke er i ferd med å forsvinne. Kor ofte endar det ikkje opp med at ein i venneflokken betaler rekninga, fordi ingen har kontantar i lommeboka. Og kor enkelt hadde det ikkje vore å gjere opp eit privat sal, utan å måtte utveksle kontonummer.

Tenesta SnapCash løyser desse problema. Den er integrert som ein del av mobilbanken, og gjer at alle kundar av ein lokalbank i Eika Alliansen kan bruke mobilen til å overføre pengar til kvarandre sine kontoar på sekundet. Og skulle dei gløyme det, er det ei enkel sak å sende dei ei påminning.

- Slik kan du lett krevje inn pengar andre skulder deg, og du kan også kontinuerleg få status på om pengane har kome inn til deg eller ikkje, forklarer Erik Mohn i Eika Betalingsformidling.

Enkelt og greitt
SnapCash er dermed ein genial måte å betale gjeld til andre på.

- Det held å taste inn beløpet og mobilnummeret til mottakaren. På to sekund er pengane overførde til kontoen til mottakaren, fortel Mohn.

Sidan lanseringa, har SnapCash rokke å bli ei populær teneste. Mohn trur grunnen er at den er så enkel å bruke.

- Vi har hatt nokre justeringar sidan lansering, blant anna at du ikkje lenger treng å signere på betalingar under 3.000 kroner. Dette har vore veldig godt motteke då det gjer betalingsprosessen raskare og enklare, seier han.

At alle SnapCash-betalingar kjem inn på kontoen til mottakaren straks, er ein annan stor fordel for kundane.

– Uansett når på døgnet det måtte vere, kjem pengane inn med ein gong dei er sende. Og at ein kan betale til mobilnummer i staden for kontonummer, gjer betalingsopplevinga positiv for alle partar, seier han.

Last ned mobilbank og ta i bruk SnapCash i dag

«Den moderne femtilappen»
At ein no også kan be om pengar via SnapCash, gjer tenesta enno meir brukarvennleg.

– Fordelen er at ein kan gjere opp for seg på sekundet. Det er ikkje alltid vi har ein femtilapp i lomma, men mobilen er alltid med, seier Mohn.
Banken har også sett på summane som blir førte over via appen.

- Det er ikkje berre småbeløp som blir overført, og vi registrerer jamleg betalingar på over 100.000 kroner, fortel Mohn.

Ikkje fått mobilbank? Her kjem du i gong