No kan nemleg alle Eika-kundar bruka mobilen til å føra over pengar til kvarandre sine kontoar på sekundet. Det er mobilbanken si integrerte betalingsteneste SnapCash som gjer det heile mogleg:
 
- Kort fortald er SnapCash ein enklare og raskare måte å betala med mobilen på. Det held å tasta inn beløpet og mobilnummeret til mottakeren. På to sekund er pengane overført til mottakaren sin konto, fortel Erlend Sundvor, assisterande direktør i Eika Betalingsformidling.
 
Enkelt og raskt. Sundvor meiner det er forklaringa på kvifor SnapCash på kort tid har nådd å verta ein populær funksjon mellom kundane til lokalbanka.

«Den moderne femtilappen»
- Fordelen med SnapCash er at ein kan gjera opp for seg på sekundet. No er det jo ikkje alltid ein går rundt med femtilappar i lomma lenger, men mobilen er alltid med, seier Sundvor. Han opplever at appen vert mykje brukt i situasjonar der ein tidlegare var avhengig av kontantar.
 
- Fordi SnapCash er kopla direkte til bankkontoen din treng du ikkje «lada opp» kontoen før bruk. I tillegg til det reint praktiske med å ha alt samla på éin plass, gjer det òg at pengane vert tilgjengelege umiddelbart, forklarer han, og gjev eit døme:
 
- Om nokon brukar SnapCash til å føra over 200 kroner til deg, er pengane på bankkontoen din på under to sekundar. Dermed kan du betala rekningar eller handla med kortet ditt med éin gong.

Spleiselag og brukthandel
Sundvor fortel at tilbakemeldingane frå brukarane har vore svært positive, og at mange av kundane som har mobilbank òg har teke i bruk SnapCash.
 
- Det morosame er å sjå alle dei ulike måtane appen vert brukt på. Det kan vera vener som skal dela rekninga etter eit restaurantbesøk, eller det vert brukt for å betala ein sofa ein har funne på finn.no, seier han.
 
Banken har òg set på summar som vert ført over via appen.
 
Stort sett dreier det seg om mindre beløp, men vi har faktisk registrert betalingar på over 100.000 kroner òg, fortel Sundvor.

Sikkert som banken
Det finst liknande appar på marknaden, men dette er første gong ein norsk bank har lansert denne typen mobilbetalingsteneste.
- Det tyder at løysinga har same tryggleik som i mobilbanken elles. Det er vi som leverer tenesta og står som garantist. Det er med andre ord like trygt som å betala i nettbanken, avsluttar Sundvor.

Last ned mobilbank og ta i bruk SnapCash i dag