Når du skal kjøpe ny bustad er det mykje du må tenkje gjennom. Vi har spurt Karianne Amlie, bustadekspert og programleiar i Boligjakten på TV3, om hennar beste råd.

– Tenk langsiktig. Du skal trivast i både bustaden og nabolaget i mange år framover. Kanskje kjem familiesituasjonen din til å forandre seg, eller du vil få behov for å vere nær kollektivtransport eller barnehage. Dette er ting du bør ta stilling til når du leitar etter din nye heim, seier ho.

Tilgang til ting som idrettslag, skular, parkar, treningssenter og kaféar kan endre seg over ganske kort tid. Amlie anbefalar derfor at du gjer deg godt kjent med det nye nabolaget ditt før du kjøper bustad.

– Det kan være lurt å alliere seg med ein meklar òg. Ein god meklar kjenner nabolaget og kan gi deg det du treng av tips og innsikt på vegen, forklarar ho.

Hald hovudet kaldt
Når du har funne rett plass å bu, er det på tide å dra på visingar. Då får du fort eit inntrykk av temperaturen på marknaden.

– Kor ofte blir det lagt ut nye bustadar? Er det mange om beinet? Går bustadane over eller under takst? Dette er kunnskap som er fin å ha før du kastar deg inn i ein bodkrig, seier ho og held fram:

– Det er lett å forelske seg i ein bustad, men prøv å halde hovudet kaldt. Er dette ein heim du kan bu i over tid? Å flytte er dyrt, så tenk nøye gjennom korleis du ser for deg dei neste åra.

Sjå etter potensial
Ho råder alle bustadkjøparar til å lese prospekt og takst nøye. Sjå spesielt etter informasjon om utbetring av bad og elektrisk anlegg. Hugs òg at takst er éin ting, kva bustaden til slutt blir seld for er noko anna. Derfor anbefalar Karianne Amlie deg å vere førebudd og ha finansieringa klar når du leitar etter draumebustaden. Dei som evnar å sjå potensialet i ein bustad, er ofte dei som gjer eit godt kjøp.

– Korleis er tilhøva for alternative planløysingar? Kan den store 2-romsen byggast om til ein 3-roms? Kan du flytte ein vegg for å gi betre romkjensle? Det er ofte dei ordinære leilegheitene som har størst potensial for forbetringar og er lettast å gjere eit godt kjøp på, avsluttar bustadeksperten.