Innhald

Utdeling av gåvemidler

Gåvemidlar delast ut av Sparebankstiftinga Bø og Sparebankstiftinga Seljord.

Stiftinga sitt føremål er å forvalte eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført ved skipinga, og å stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i Sparebanken DIN. Stiftinga kan i tillegg plassere midlane på ein føremålstenleg og trygg måte ut frå omsynet til sikkerhet, risikospreiing, likviditet og avkastning.
Stiftinga kan disponere overskot og dele ut utbyttemidlar til allmennyttige føremål. Stiftinga skal i si utdeling av utbyttemidlar først og fremst ta omsyn til det distriktet som har bygd opp kapitalen i banken.

I si verksemd skal stiftinga gjennom sitt eigarskap i Sparebanken DIN og vidareføring av
sparebanktradisjonar sikre eit godt regionalt forankra sparebanktilbod i Øvre Telemark (Midtre og Vestre Telemark). Elles kan stiftinga stå for anna verksemd som kan sameinast med nemnde føremål og dei rammer som til ei kvar tid fylgjer av regelverket for sparebankstiftingar.

 For å søkje om gåvemidler henvisas det til Stiftinganes eigne heimesider, sjå boks til høgre.