Du har sikkert høyrt at det er lurt å spara. Og vi rår generelt alle til å ha eit par månadslønningar på ein bufferkonto. Tida vi har vore gjennom no, har gjort det ekstra synleg kor viktig det er å spara og ha litt ekstra i bakhand. Dersom du ikkje har spart tidlegare, kan det no passa fint å koma i gang. Dersom du har høve til det, og du ønskjer ei betre avkastning på sparepengane dine enn på sparekonto, kan fondssparing vera noko for deg. Historia viser nemleg at langsiktig sparing i aksjefond kan vera meir gunstig enn å ha pengane på sparekonto, sjølv når marknaden opplever eit kraftig fall og ei krise. Det er derfor vi generelt rår kundane våre til å oppretta ei spareavtale og halde seg til denne. 

 

Det er ikkje mogleg å tjuvstarta

Det beste tidspunktet for å byrja med fondsparing er alltid no, seier investeringsdirektør i Eika, Stig Erik Brekke. Generelt seier vi at det stort sett er lite å tena på å vera taktisk. Du treng i utgangspunktet ikkje følgja aksjekursane tett for å finna rett tidspunkt for det første innskotet. Som fondssparar er det nemleg vanskeleg å finna det beste tidspunktet for å kjøpa aksjefond. 
 
 

Biletet viser korleis sparepengane dine har stige i verdi på ein sparekonto og i aksjefond. Sjølv om marknaden svingar, viser historia at ein kan forvente ein høgare avkastning i aksjefond enn på ein sparekonto

 

Likevel, som med alt anna, ingen reglar utan unnatak:


- Det er lurt å handla når noko er billeg, det same gjeld òg for aksjefond. 

Akkurat no får du meir for pengane om du set dei i aksjefond. Dersom du investerer 1 000 kroner i eit aksjefond i dag, får du fleire fondspartar enn om du hadde gjort det same før Koronakrisa, forklarar Stig Erik Brekke.

 

Du kan såleis få ein liten kickstart på sparinga di ved å starta fondssparing no, men hugs:

  • Aksjemarknaden kan falla ytterlegare. I så fall bør du ha ein lang tidshorisont der du aksepterer at det svingar, og hugsa på at historia viser at marknaden kjem til å ta seg inn att.
  • Gjer deg kjend med fondssparing gjennom ei fornuftig månadleg spareavtale og eventuelt eit eingongsinnskot du er komfortabel med. 

Du treng ingen forkunnskapar: Smartspar-appen gjer det enkelt å koma i gang


Fondssparing = Langsiktig sparing

Viss du lurer på om dette er eit godt tidspunkt for å starta fondssparing, er såleis rådet vårt klart: Ja.
Ta gjerne ein prat med rådgivaren din i lokalbanken. Dei er kompetente og motiverte til å hjelpa deg i gang, og støttar deg undervegs. 

To ting som er viktige å hugsa på når du skal spara i fond:

  • Tenkja langsiktig sparing.
  • Tola svingingar i marknaden.

Om målet er å spara pengar til sydenturen neste år, kan du like gjerne setja pengane på ein vanleg bankkonto. Ved å tola svingingar i marknaden, kan pengane dine minka i verdi over ein periode, men historia viser likevel at sparepengane dine kan auka på lengre sikt. Fondssparing er såleis for deg som ønskjer å sitja att med meir om fem, ti eller tretti år.

Prøv fondskalkulatoren vår 

Spar i fond med Smartspar-appen

Om verda ikkje var digital frå før, har ho i alle høve blitt det med Korona. Sjølvsagt kan du koma i gang med fondssparing berre ved hjelp av mobilen. Smartspar-appen gir deg oversikt, hjelper deg med å velja fond og gjer det enkelt for deg å gjennomføra det første innskotet – uansett kva forkunnskapar du har eller kva for ein bank du er kunde i.

Les meir om Smartspar

Smartspar gjer sparinga smart 
Last ned Smartspar til Android  
Last ned Smartspar til iPhone  

Psst! Smartspar har òg ein unik gåvefunksjon. Sjå kor enkelt det er å samla dåps-, bursdags- og konfirmasjonsgåver i eit sparefond som veks med barnet ditt.
Gåve i Smartspar


Historisk avkastning er ingen garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning kjem mellom anna an på marknadsutviklinga, kor dyktig forvaltaren er, risikoen i verdipapirfondet, og kostnader ved teikning, forvalting og innløysing. Avkastninga kan bli negativ som følgje av kurstap.