Smartspar gjer det enkelt å spare

Spareappen Smartspar gjer sparinga smart. Du treng ingen forkunnskapar, vi hjelper deg å velje fond. Du kan enkelt opprette sparing til deg sjølv eller barna, og invitere andre til å gi. Smartspar gjer det enkelt å spare

Smartspar passar for alle

Smartspar er ein ny spareapp som gir deg oversikt, hjelp til å velje fond og gjer det enkelt å starte sparing. Smartspar gir deg også ein unik gåvefunksjon, der andre kan gi til eit sparefond du har starta.  

- Det fine med Smartspar er at alle kan bruke den - same kva bank du bruker

Appstore logo    Google Play logo

Smart sparing

Ingen forkunnskapar nødvendig

Sparer du til noko spesielt eller berre sparer du? Same kva sparemål, i spareappen Smartspar får du råd om kva fond du bør spare i, basert på kor lenge du vil spare og kva som er viktig for deg.


- Med Smartspar kan du spare smart i fond heilt utan å kunne noko om fond på førehand.

 

Kom i gong med smart sparing


Gåve

Lett å dele barna sine gåveønske

No treng ikkje familie og fadrar lenger lure på kva dei skal gi barnet i gåve. Alt du treng å gjere er å lage eit sparemål for barnet i Smartspar og dele med dei som vil gi gåve til barnet.
 

- Istadenfor å gi barnet masse leiker det ikkje treng, kan familie og venner gi eit bidrag til sparefondet slik at barnet får ein betre start på vaksenlivet.

 

Gi ei gåve som veks med barnet

Oversikt

Sjå alt ein stad

No treng du ikkje lenger logge deg inn mange stader for å sjå sparinga di. I Smartspar kan du samle all sparing du har - både hos oss og i andre banker. Her kan du til og med sjå kva du har tent i pensjon, både i noverande og tidlegare jobbar. Du ser differansen mellom dagens lønn og kva du vil få utbetalt i pensjon.


- Smartspar samlar alt på ein stad, og gjer det enklare å få oversikt og kontroll.


Få oversikt via mobilen

Meir informasjon