I samsvar med banken sine vedtekter har kundane i banken høve til å røyste på medlemmer til banken si Generalforsamling.

Det skal i år veljast to medlemmer frå valkrins Seljord, og to medlemmer frå valkrins Bø for 4 år.

Valkrins Seljord; Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje. Valkrins Bø; Bø, Sauherad og Nome

 Kundane vart i utlysning frå 13. desember på heimesida til banken, facebook og med oppslag i banken oppmoda om å kome med forslag på kandidatar innan 2. januar. Det kom ingen forslag til valnemnda.

Valnemnda har etter dette vurdera kandidatar, og kjem med forslag på 4 kandidatar i kvar valkrins, der kundane skal velje 2 medlemmer av
dei 4. Det er ikkje høve til å kome med nye forslag på kandidatar ved kundevalet.
Dei to kandidatane frå valkrinsane Seljord og Bø som får flest stemmer blir valde. Kandidatane må ha bustad eller verke i dei to valkrinsane.

Val blir gjennomført i Sparebanken DIN sine lokale onsdag 31. januar mellom kl. 09.00 og 15.00.

Kven som kan stemme;
Dei myndige kundane i Sparebanken DIN som har, og i dei siste 6 månadene har hatt, innskot eller lån på minst kr 2.500 har røysterett når kundane skal velje medlemmer til generalforsamlinga i Sparebanken DIN.

Kvar kunde kan røyste på medlemmer i begge valkrinsane.

Forslag frå valnemnda;

Valkrins SELJORD
Medlem ; Gunnar Lauvstad
Medlem ; Olav Moen
Medlem ; Jon T. Aarbakk
Medlem ; Henry Mæland

Valkrins BØ
Medlem ; Ivar Tjønntveit
Medlem ; Monica Slåtta
Medlem ; Per Lindgren
Medlem ; Gunhild Grav

Dei to som får flest stemmer / best rangering samla sett i kvar valkrins blir valde. Ved valet rangerar veljar frå 1 til 2 på fastsett stemmesetel. Har to likt antal stemmer blir den valt som samla sett har best rangering av dei to.
Stemmesetlar blir lagt ut i banklokala valdagen, og dei som vil gje stemme må registrere seg og levere sin stemmesedel. I banklokala ligg det oversikt over noverande tillitsvalde i banken, samt banken sine vedtekter og rutiner ved valet.