- Skulevegen er krevjande for mange barn. For førsteklassingane er skulevegen ofte det første verkelege møtet med trafikken. Dei minste barna er impulsive, leikar og lar seg lett distrahere. Foreldre og sjåførar må difor vere ekstra observante, seier opplæringssjef i Trygg Trafikk, Ragnhild Meisfjord.

Ha ekstra merksemd!
Alle bilistar, både med og utan barn må vere ekstra oppmerksame i tida som kjem. - Trafikkbiletet endrar seg ved skulestart, og vegane blir fylt opp med små fotgjengarar. Ikkje berre er dei små og vanskelege å få auge på. Dei forstår ikkje trafikkbiletet og klarar ikkje å tolke det dei ser og høyrer i trafikken. Difor har alle vi vaksne eit ekstra ansvar no, avsluttar Ragnhild Meisfjord.

7 tips til ein tryggare skuleveg

  1. Vel den tryggaste skulevegen. Det er ikkje sikkert den kortaste vegen er den tryggaste.
  2. Øv på å gå til skulen. Gå skulevegen saman med barna og snakk om utfordringar som kan skje. Då blir barna tryggare på vegen og er betre førebudd.
  3. Ha faste rutinar, ver tydeleg og konsekvent. Repeter igjen og igjen, og snakk om kva som er viktig å hugse på. Stopp til dømes alltid på fortauskanten, sjølv om de har grønt lys.
  4. Lær barna å bruke blikket. Å sjå seg føre må lærast. Lær barna kva dei skal sjå etter og korleis dei skal bruke blikket.
  5. Gi barnet gradvis meir ansvar. Gå saman med barnet til du ser barnet gjera dei tinga de har øvd på. Deretter kan du byrja å gå nokre meter bak.
  6. Lag ei gågruppe. Snakk med andre foreldre og etabler gågrupper der de skiftar på å følgje ei gruppe med barn til skulen.
  7. Lag Hjartesone. Hjartesone sørgjer for trygg sone rundt skulen. Ta kontakt med ditt FAU eller rektor for å finne ut av korleis skulen kan bli ein Hjartesone-skule. Kjelde: Trygg trafikk

Kjelde: Trygg Trafikk