Sparebanken DIN
Privat Bedrift
Bli kunde Logg inn

Bilforsikring

Her finn du ofte stilte spørsmål om bilforsikring.

  • Eg har selt/vraka bilen min. Kva gjer eg?

    Forsikringa blir annullert når vi får melding frå Statens Vegvesen om at køyretøyet er selt/vraka.

  • Eg har avskilta bilen min. Kva gjer eg?

    Bilforsikringa blir avslutta automatisk, viss du berre har ansvarsforsikring. Viss du har delkasko, får du automatisk dekninga brann/tjuveri. Viss du har kasko, får du lagringskasko. Dersom du ikkje ønskjer denne dekninga, må du seia ifrå til oss.

  • Når aukar bonusen min?

    Bonusen din aukar ein gong i året såframt du ikkje har hatt ein skade. Bonusen aukar samtidig som forsikringa blir fornya. Dersom du har hatt ein skade, blir bonusen din redusert når forsikringa blir fornya.

  • Kor lenge beheld eg bonusen, utan å ha bil?

    Unytta bonus blir forelda etter 3 år. Då får du startbonus på neste bil.

  • Kan eg arva bonus?

    Bonus kan arvast eller delast mellom gifte, sambuarar og partnarar.

  • Eg skal bruka bilen min til øvingskøyring. Kva må eg gjera?

    Du treng ikkje å endra bilforsikringa. Det er rettleiaren som blir rekna som føraren av bilen og er ansvarleg.

  • Gjeld bilforsikringa viss den som skadar bilen er under 23 år?
    Det er viktig å registrera dersom bilen har brukarar under 23 år. Viss det kjem fram av forsikringsbeviset at køyretøyet ikkje har brukar under 23 år, men det i skadeaugeblikket viser seg at brukar er under 23 år, blir egenandel forhøgde med 7 000 kroner.
  • Kan eg endra køyrelengd på bilforsikringa?

    Du kan justera opp køyrelengda i nettbanken eller i forsikringstenesta. Det er viktig å følgja med på at du ikkje køyrer lenger enn den køyrelengda du har sett.

    Ønskjer du å redusera køyrelengda ber vi om at du kontaktar rådgivaren din som kan hjelpa deg med dette.

Kontakt og lenkjer

Prisar

Du kan samanlikna prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.

Kontakt

Telefonnummer: 35 06 09 00, E-post: firmapost@sparebankendin.no

Om oss

Org.nr: 937891512, SWIFT: DNBANOKKXXX

Vi er tilknyttet agent av Eika Kapitalforvaltning, Forsikringsagent for Eika Forsikring, distributør av Eika Kredittbank

  • Personvern
  • Tryggleik og antikvitvask
Til toppen
2021 © Sparebanken DIN Ein lokalbank i