Sparebanken DIN
Privat Bedrift
Bli kunde Logg inn

Betaling Forsikring

Her finn du ofte stilte spørsmål om betaling knytt til forsikringar.

  • Kvifor får eg rekning kvart kvartal når eg har bedt om månadleg betaling?

    For å ha månadleg betaling må du ha avtalegiro. Dersom du ikkje har oppretta avtalegiro blir rekninga automatisk gjort om til kvartalsvis betaling. Avtalegiro kan du oppretta i nettbanken etter at du har gjort ei betaling.

  • Kvifor har prisen på forsikringa blitt høgare etter berre sju månader?

    Det er fordi summen for dei sju første månadene er for 30 dagar, medan summen for dei neste fem er for 31 dagar. Det vil seia at du betalar for ein dag meir dei siste fem månadene. Til saman blir det 365 dagar.

  • Kvifor får eg dobbelt beløp på den første fakturaen på forsikring?

    Forsikringane skal betalast på forskot. Difor gjeld den første fakturaen for to månader.

  • Kan eg få e-faktura som betalingsmåte for forsikringane mine?

    Nei, diverre. Eika Forsikring tilbyr ikkje dette. Betalingsalternativa er giro i posten eller avtalegiro.

  • Kvifor står bilforsikringa framleis på rekninga når eg har sagt ho opp?

    Det kan skje dersom bilforsikringa blir avslutta etter at vi har sendt ut rekninga for månaden. Rekninga blir som regel send ein månad før forfallsdato. Det som er betalt for mykje, blir trekt frå på rekninga for neste månad.

  • Eg har avtalegiro. Kvifor har ikkje forsikringane mine blitt trekte på forfall?

    Den mest vanlege årsaka til at trekket ikkje har gått, er at det ligg ei beløpsgrense på betalingsavtalen din, eller at det ikkje er dekning på kontoen som beløpet skal trekkjast frå.

  • Forsikringane mine blir fornya no. Kvifor har prisen endra seg?

    Forsikringsavtaler blir fornya ein gong kvart år. Når forsikringane blir fornya får du eit forsikringsprov med oppdaterte prisar og vilkår. Som regel blir prisane justerte opp i tråd med indeksreguleringar (generell prisauke for varer og tenester), men skadestatistikken for ditt område, aldersgruppe, objekttype osb. kan gjera at prisendringa avvik frå indeksreguleringa. Dersom forsikringa no femner om meir enn tidlegare vil det òg påverke prisen.

  • Eg har betalingsmerknad. Kan eg framleis få forsikring?

    Ja, det kan du, men forsikringsavtala må betalast på forskot for eitt år.

Kontakt og lenkjer

Prisar

Du kan samanlikna prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.

Kontakt

Telefonnummer: 35 06 09 00, E-post: firmapost@sparebankendin.no

Om oss

Org.nr: 937891512, SWIFT: DNBANOKKXXX

Vi er tilknyttet agent av Eika Kapitalforvaltning, Forsikringsagent for Eika Forsikring, distributør av Eika Kredittbank

  • Personvern
  • Tryggleik og antikvitvask
Til toppen
2021 © Sparebanken DIN Ein lokalbank i