BankID-app

No tilbyr vi BankID-app. Du treng ikkje å leite etter kodebrikka og streve med å taste inn tala igjen. Du er også verna mot phishing på falske nettsider, og ingen kan bruke din BankID utan at du merke det. Du får ei raskare og betre BankID-oppleving.
  • Raskare
  • Tryggare
  • Betre

Last ned BankID-appen på mobilen din

 

Appstore logo
   
Google Play logo

Kvifor skal eg byte til BankID-app?

Eg bruker BankID på mobil. 
  • Raskare innlogging med appen enn med BankID på mobil.
  • Du kan signere alle typar dokument.
  • BankID kjem snart med ansiktsgjenkjenning og fingeravtrykk. Passordet bruker du når du signerer eit stort lån eller andre ekstra viktige ting.
  • Du slepp å taste inn telefonnummer, fødselsdato, vente på og stadfeste BankID-kodeord, taste inn pin-kode og trykkje på Godta-meldingane like mange gonger som før.
  • Det er veldig enkelt å bytte telefon. Du lastar berre ned appen på den nye telefonen og aktiverer med appen på den gamle telefonen, så er du i gong.
  • Tryggare fordi du får betre informasjon om kor du loggar inn, og det er enkelt å avbryte dersom noko ikkje stemmer.
  • Heilt gratis, BankID på mobil har ein pris hos enkelte operatørar.
  • Fungerer med eSIM og på dei fleste nyare telefonar (iOS12/Android6).
  • Har enno betre tilgjengelegheit enn BankID på mobil.


Eg bruker BankID med kodebrikke. 
  • Du får ein enno tryggare BankID fordi du får betre informasjon om kor du loggar inn, og det er enkelt å avbryte dersom noko ikkje stemmer.
  • Hugs å byte BankID-passord dersom du trur nokon kjenner passordet ditt og ha ein kode for å opne telefonen, så er du heilt trygg.
  • Brikka ligg ofte lett tilgjengeleg for andre i huset mens du er ute. Med BankID-appen på mobilen kan du gøyme brikka på ein lur stad.
  • Du slepp å lese av eingongskoden frå kodebrikka og taste den inn riktig.
  • Du treng aldri meir leite etter brikka, eller gløyme å ta den med - så lenge du har med deg mobilen.