No kan du betale med smartklokka

Med aktivitetsklokka Fitbit Ionic og Versa kan du no betale kontaktlaust med ditt Mastercard. Det er ikkje lenger krise dersom du gløymer lommeboka og mobilen heime.
  • Trygt, brukarvennleg og raskt
  • Smidig kopling av aktivitet og betaling
  • Fungerer som eit kontaktlaust kort

Korleis fungerer det?

  1. Du må ha ein Vivoactive 3 eller ein Forerunner 645 Music klokke frå Garmin og eit Eika Mastercard
  2. Legg dine kortopplysningar inn i appen Garmin Connect Mobile under Garmin Wallet. Følg instruksjonane for å leggje til eit kort og opprette ein kode
  3. Når du skal betale i ein butikk, følgjer du instruksjonene på klokken. 

Tokenisering reduserer moglegheit for svindel

I dag forventar du som bruker teknologi som kan hjelpe deg å løyse oppgåver i kvardagen med så få klikk som mogeleg.

Med Fitbit Pay kan du betale kontaktlaust på farta, utan å uroe deg for at kredittkortopplysingane dine kan kome på avveg. Fitbit Pay bruker Mastercards bransjeleiande token-tjenester som gir brukarane høgaste grad av tryggleik. Det betyr i praksis at du kan betale like sømløst, trygt og enkelt med smartklokka som med det fysiske kortet.

Tokenisering er ei eiga krypteringsløysing som nyttar eit virtuelt, unikt kortnummer til betalinga med klokka, og ikkje det faktiske kortnummeret ditt. Tokensiering reduserer dermed moglegheita for svindel og forhindrar at kortinformasjonen din kjem på avveg.