Sparebanken DIN
Privat Bedrift
Bli kunde Logg inn
jente leser i parken

20 viktige ord og uttrykk du bør kunna om kredittkort

Å forstå "bankspråk" er ikkje alltid like lett. Sjølv om vi prøver å gjera tekstane våre meir folkelege er det framleis ein del ord og uttrykk vi ikkje klarer oss utan. Vi har valt dei 20 viktigaste omgrep innan kredittkort og kredittkortbruk du bør kunna.

  • Kredittkort
    Eit kredittkort er eit betalingskort du kan bruka til å handla varer og tenester med, både i butikk og på nett. Når du handlar med kredittkortet låner du pengar frå banken, som du betaler tilbake etteråt (innan 45 dagar).
  • Kjedittsjekk
    Når du søker om kredittkort gjennomfører vi ein kredittsjekk som er ein slag kontroll av den økonomiske situasjonen din. Vi ser på forholdet mellom inntekta di og samla gjeld for å berekna kredittgrensa på kortet ditt.
  • Kredittgrense
    Kredittgrensen på kortet ditt avgjer kor mykje du kan bruka. Sagt på ein annan måte kredittgrensa er det maksimale beløpet du kan låna frå banken ved å bruka kortet. F. eks har du kredittgrense på kr 30.000 er dette det maksimale beløpet du kan handla varer og tenester for før kortet blir avvist.
  • CVV/CVC kode

    På baksiden av kredittkortet ditt, rett ved sida av signatur feltet finst ei talrekke. Dei tre siste siffer i denne talrekka kallast for CVV/CVC kode.

  • Nominell rente
    Nominell renta er renta kor ekstraomkostninger som f. eks diverse gebyr og renta til rente ikkje er medregnet. Den nominelle renta er rentesatsen som fungerer som eit slag fundament for beregningen av den effektive renta som avgjer kor mykje du faktisk betaler.
  • Effektiv rente
    Effektiv rente er renta du faktisk betaler dvs. nominell rente inkludert gebyr og renta til rente. Den effektive renta er alltid høgare enn den nominelle rentesatsen.
  • Rentefri betalingsutsettelse
    Når du handlar varer eller tenester med kredittkortet har du ein periode på inntil 45 dagar der du kan låna pengane rentefritt. Dersom du ikkje betaler tilbake beløpet du har brukt innan 45 dagar, byrjar det å påløpe renter. Den rentefrie perioden kallast for rentefri betalingsutsettelse og han beskriv kor lenge du kan låna eit beløp på kredittkortet utan å betala renter for det.
  • Varekjøp
    Alt du handlar av varer og tenester i butikk og på nett blir rekna som varekjøp. Kontantuttak i minibank og overføring frå kredittkortet til eigen konto er tenestene som fell utanfor denne kategorien.
  • Minibankuttak i norske kroner
    Uttak av kontantar i minibank når vald valuta for uttaket er norske kroner. I Noreg kan ein i dei fleste minibankar velja mellom uttak i norske kroner og euro.
  • Minibankuttak i utanlandsk valuta
    Alt uttak av kontantar i minibank som ikkje er i norske kroner, men i annan valuta f. eks euro, britiske pund eller amerikanske dollar.
  • Klokkebetaling

    Med aktivitetsklokke frå Fitbit eller Garmin kan du no betala kontaktløst med ditt Mastercard. Det er ikkje lenger krise viss du gløymer lommeboka og mobilen heime. Fitbit og Garmin Pay brukar Mastercards bransjeledende token-tjenester som gir brukarane høgaste grad av sikkerheit. Det betyr i praksis at du kan betala like sømløst, trygt og enkelt med smartklokken som med det fysiske kortet.

    Tokenisering er ein eigen krypteringsløsning som nyttar eit virtuelt, unikt kortnummer til betalinga med klokka, og ikkje det faktiske kortnummeret ditt. Tokensiering reduserer dermed moglegheita for svindel og forhindrar at kortinformasjonen din kjem på avveie.

  • Mobilbank

    Med mobilbanken har du dei aller fleste banktenestene lett tilgjengeleg på mobilen. Du har moglegheit til å logga inn og godkjenna betalingar ved hjelp av fingeravtrykk- eller ansiktsgjenkjenning. I mobilbanken kan du enkelt:

    • Sjå saldo og rørsler på kontoane dine, kredittkort og lån
    • Betala rekningane dine og eFaktura
    • Kjøpa og sjå utvikling på fondssparing
    • Administrera beløpsgrense og tilgangar i kredittkorta dine
    • Bruka valutakalkulator
    • Søka om lån og finansieringsbevis
    • Kjøpa og endra forsikringane dine
  • Regionsperre

    Dette er noko du sjølv vel å sedde på kortet ditt, slik at det ikkje kan nyttast i utvalde delar av verda. Du vel sjølv i kva for regionar kortet skal vera gyldig og ugyldig. På denne måten kan du redusera faren for å bli svindla.

    Du kan setja regionsperre på både på bank- og kredittkortet.

  • eFaktura
    Elektronisk faktura som blir sendt direkte i nettbanken din. KID-nummer, mottakarkonto og betalingsfrist er automatisk utfylt og du kan sjølv velja om du ønsker å betala minste beløpet eller alt bruk på kredittkortet ved forfall. eFakturaen blir ikkje trekt automatisk frå rekningskontoen din, så her må du aktiv godkjenna denne før betalinga blir utført.
  • Minstebeløp
    Bruker du kredittkortet vil du  få månadleg faktura på beløpet du har handla for. På fakturaen vil du finna minstebeløpet du må innbetala og totalt beløpet du har brukt. Minstebeløpet er summen banken krev at du betaler innan forfall, hos oss utgjer denne 3 % av nytta kreditt eller minimum kr 250. Utover det er det du sjølv som avgjer kor mykje du ønsker å betala. Betaler du tilbake alt du har brukt innan forfall vil du ikkje bli belasta renter.
  • Benyttet kreditt og disponibel kreditt

    Nytta kreditt er beløpet du har handla for / har brukt på kredittkortet. Disponibel kreditt er beløpet du kan fortsatt bruka på kortet til kredittgrensa er nådd.

    F. eks har du kredittgrense på kr 30.000 og kjøper ein el-sykkel for kr 20.000, vil du få nytta kreditt på kr 20.000 og disponibel kreditt på kr 10.000.

  • Rentebærende saldo
    Dette er det uteståande beløpet du må betala renter på. Du får rentebærende saldo dersom du ikkje betaler inn alt du har brukt på kredittkortet innan 45 dagar (innan forfall). La oss si at du kjøper ein el-sykkel for kr 20.000, ved forfall betaler du tilbake berre kr 5.000. Dei resterande kr 15.000 må du betala renter på, dermed blir dette din rentebærende saldo til neste forfall.
  • Overtrekksgebyr
    Bruker du meir pengar enn det kredittgrensa tillèt, vil du bli belasta med eit overtrekksgebyr. I utgangspunktet kan du ikkje kjøpa varer og tenester for meir pengar enn det du har tilgjengeleg på kortet, men du kan hamna i overtrekk dersom du har brukt heile kredittgrensa og påløpte gebyr  og renter blir belasta i ettertid. Eit anna tilfelle er når brukarstader ikkje er i direkte kontakt med oss slik at dei kan sjekka beholdningen på kortet ditt før eit kjøp blir utført. I slike tilfelle kan dei trekka kredittkortet for meir enn det som er disponibelt.
  • Purring
    Gløymer du å betala eit kredittkort rekning, vil du få ei påminning / purring ca. 14 dagar etter forfall. Påminninga er eit formelt brev som blir sendt til din folkeregistrerte adresse og inneheld betalingsinformasjon som uteståande beløp du må betala, KID- og kontonummer for innbetaling og nytt forfall.
  • Inkasso
    Dersom du ikkje betaler fleire kredittkortreginger innan forfall og overser tilsende påminningar, vil beløpet du skulder banken bli sendt vidare til indrivelse eller såg kalla inkasso. Dette medfører ekstra omkostninger for deg som kunde og kan resultera i verste fall i ein betalingsmerknad.

Kontakt og lenkjer

Prisar

Du kan samanlikna prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.

Kontakt

Telefonnummer: 35 06 09 00, E-post: firmapost@sparebankendin.no

Om oss

Org.nr: 937891512, SWIFT: DNBANOKKXXX

Vi er tilknyttet agent av Eika Kapitalforvaltning, Forsikringsagent for Eika Forsikring, distributør av Eika Kredittbank

  • Personvern
  • Tryggleik og antikvitvask
Til toppen
2021 © Sparebanken DIN Ein lokalbank i