Den nye aksjesparekontoen som skal gjere det enklare å spare i fond, blir lansert i sommar. For deg som allereie sparer i fond og har tent pengar på det, er det klokt å flytte fonda dine over til aksjesparekonto når løysinga er på plass:

– I 2017 vil vi ha ei overgangsordning som gjer at du kan flytte fond med gevinst utan å betale skatt, fortel marknadsdirektør Karl Otto Gulseth i Eika Kapitalforvaltning.

– Har fondet ditt derimot tapt seg i verdi, bør du vente til 2018. Då sikrar du deg skattemessig frådrag for tapet før du flytter behaldningane dine over til ein Aksjesparekonto.

Vi meiner Aksjesparekonto er den beste løysinga for alle privatpersonar.

Kjøp og sel utan å betale skatt
Med ein aksjesparekonto samlar du alle dine børsnoterte aksjar og fond på ein stad. Kontoen har éin stor fordel: Du kan selje fondsdelar med gevinst utan å betale skatt.

– La oss seie at du har spart jamt og trutt i eit fond i mange år. Totalt har du sett inn 100.000 kroner av eigne pengar, og verdien har i tillegg auka med 50.000 kroner. No har du lyst til å prøve lykka i eit anna fond. Med ein aksjesparekonto kan du flytte heile beløpet på 150.000 kroner til eit nytt fond utan å betale skatt, seier Gulseth.

Det er først når du vel å ta pengane ut av sjølve aksjesparekontoen at du må betale skatt av gevinsten på sparinga di.

Blir snart lansert
Gulseth ser fram til at produktet blir tilgjengeleg for kundane i lokalbankane, og trur det vil bidra til at fleire får augo opp for fondssparing.

– Historisk sett gir fondssparing høgare avkastning enn banksparing for dei som har lang sparehorisont, og er til dømes perfekt som pensjonssparing. Vi gler oss til styresmaktene gir grønt lys og vi kan rulle ut løysinga vår, avsluttar han.