Unngå valutafella - vel alltid lokal valuta i utlandet!

Du har kanskje stått i situasjonen sjølv. Du er på sydenferie og handleturen går til ein lokal forretning for å kjøpa nye strand handklede, deretter til næraste minibank for å ta ut pengar for drosjeturen ned til stranda. I det du set kredittkortet i betalingsterminalen eller minibanken, får du opp spørsmålet om du ynskjer å betala i norske kroner eller i lokal valuta. Kva vel du?

Vi ynskjer å hjelpa deg å ta gode val når du er på ferie. Mange vel enno å betala i norske kroner i utlandet, noko som gjer sydenferien unaudsynt dyr. Betalar du i norske kroner er det dei lokale brukarstadane som står for vekslingen, ofte til ein høg og ugunstig kurs for deg som kunde. Ved å betala i lokal valuta, får du med ditt Gold eller ViVo kredittkort til eit fast valutapåslag på 1,75 % og best mogleg vekslingskurs.
 

Slik vel du riktig


La oss si at du er i Spania og treng å ta ut Euro.

1 . Set inn kortet i minibanken og tast PIN-kode
2 . Vel ynskt uttaksbeløp
3 . Ved spørsmål om å konvertera/veksla i NOK eller EUR. Vel alltid lokal valuta (EUR). Vi veit det er forvirrande når alt står på engelsk, men husk å alltid velja Decline convertion / Continue without convertion sjølv om knappen innimellom kan stå i raud.

Og du, husk at hos oss får du rentefri minibankuttak i inntil 45 dagar.
Vel du å nedbetala ferien over fleire månader vil det påløpe renter.

Prisdøme: Eff.rente 20,98 % v/12.000,- o/12 mnd. Kostnad 1.257,80 kr. Totalt 13.257,80 kr.


Fleire grunnar til at utanlandsturen bør skje på kreditt får du her