Har du bestemt deg for å byrja ei langsiktig sparing i aksjefond, og følgjer aksjekursane tett for å finna rett tidspunkt for det første innskotet? Du kan like gjerne koma i gang snarast råd, meiner investeringsdirektør Stig Erik Brekke i Eika Kapitalforvaltning.

- Det beste tidspunktet for å byrja med fondssparing er alltid no.

Historia viser nemleg at fondsspararar over tid set att med vesentleg meir enn kontospararane, medrekna nedgangar i økonomien.
- Verdiauken kvart år på hovudindeksen på Oslo Børs dei siste 20 åra ligg på kring 8,9 prosent. Den tilsvarande perioden for bankrente er 2,7 prosent (Kjelde: SSB). På lang sikt er det lite å tena på å vera taktisk, seier Brekke.

 

Litt ned, men mest opp

Det er lett å sjå at aksjefond lønner seg, men det er ein føresetnad at:

  1. Du toler at det svingar
  2. Du sparar langsiktig

- Dersom du skal spara til ein Australiatur om to år, då kan du like gjerne gjera det på ein konto, seier Brekke. - Pengane kan gå ned i verdi over ein kort periode, men på lang sikt vil sparepengane auke. Sjå berre på avkastninga på Oslo Børs dei siste tjue åra:

graf som viser utviklingen på Oslo Børs fra 1999 til 2019

Biletet viser korleis ein nedgang på børsen er ein del av jamnlege svingingar, medan verdiane samla sett stig.

3 spørsmål om fondssparing til Stig Erik Brekke


Kor mykje kan eg spara på tjue år?

For å ta eit heilt konkret reknestykke: Om du sparar 1000 kroner i månaden i tjue år, kan du venta å sitja att med kring 370 000 kroner i eit fond med middels risiko. Lèt du pengane stå i banken, kjem beløpet til å liggja på kring 252 000 kroner. Då tek eg utgangspunkt i dagens rente.

Rekn ut sjølv i fondskalkulatoren vår


Kor stor er risikoen?

Å kjøpa aksjar er å investera i bedrifter, og bedrifter kan det gå dårleg med. Det er denne risikoen eit aksjefond kan redusera til eit minimum: Eit aksjefond består nemleg av minimum 16 selskap. Det er det lovpålagde minstekravet. Eika Kapitalforvaltning innfrir dette med svært god margin ettersom dei ulike fonda rommar frå 30 til 200 ulike selskap.


Korleis kjem eg i gang?

Fondssparing er for alle som vil spara pengar på lang sikt, men vi veit at somme synest det er vanskeleg å koma i gang. Eg rår til at du tek kontakt med rådgivaren din i lokalbanken. Han eller ho hjelper deg med å sjå det økonomiske spelerommet som nett du har.

Ta kontakt med rådgiver for ein prat om fondssparing

Klar for å setja i gang på eiga hand? Last ned spareappen Smartspar