Er du ein av mange som pakkar bilen og køyrer til fjells så snart vinter- og påskeferien er her?

Her er 7 tips som gjer bilturen tryggare:

1. Pakk tunge ting lågt

Sørg for å pakke riktig i bagasjerommet. Start med å setje dei største og tyngste tinga inn først. Det gir eit lågt tyngdepunkt som fører til betre køyreeigenskapar for bilen. Ved å setje koffertane og bagane heilt innerst mot seteryggen unngår du dessutan å gjere bilen baktung.

2. … og lette ting til sida

Mindre gjenstandar set du ytterst i bagasjerommet. Det kan også lønne seg å pakke i baggar, i staden for koffertar, for å utnytte små holrom. Om ingen sit i baksetet kan du plassere ting i brønnen bak forsetet, altså der passasjerane vanlegvis har beina.

Unngå å pakke høgare enn seteryggen og bruk teppe til å pakke inn skøyre gjenstandar. Hugs at nødutstyret ditt framleis må vere lett tilgjengeleg når alt er på plass.

3. Sikre lause gjenstandar

NAF har testa farane ved å ikkje sikre last i bilen, og resultatet er oppsiktsvekkjande. Ved ein kollisjon i 50 km/t kan gjenstandar kome flygande med eit trykk opp til 50 gonger gjenstanden si vekt. For eksempel vil ein gjenstand på tre kilo få ei vekt på heile 90 kilo.

Derfor er det viktig at du festar gjenstandar med tau, stropp, eller dekkjer dei med nett. Då hindrar du at dei kjem flygande framover når du bråbremser.

Har du vore uheldig? Skade melder du her

4. Pakk skiboksen riktig

Ein skiboks er praktisk for deg som skal ta med snowboard og slalåmutstyr. Sørg for at takstativet er forsvarleg festa til biltaket og at skiboksen sit riktig på stativet. Legg ski og stavar nedst, og fyll gjerne på med klede for å stabilisere lasta.

Skiboksen gir bilen eit høgare tyngdepunkt, noko som påverkar køyreeigenskapane. Pakkar du for tungt, kan du få ein ustabil bil. I vognkortet står det vanlegvis kor mang kilo du har lov å laste på taket.

5. Sjekk at bilen er i orden

Ta gjerne ein tur innom ein verkstad for å vere heilt sikker på at bilen er som den skal vere før du dreg av stad. Det er også ein del enkle ting du kan gjere sjølv:
Reingjer rutene innvendig. Då doggar dei mindre og sørgjer for at du får god sikt. Ta gjerne med ein mikrofiberklut i bilen også.
Fyll på spylervæske. Ikkje noko skitnar til frontruta så kjapt som salta vegar. Hugs å velje ein variant som toler kulde.
Legg låsesprayen i vinterjakka. Det er betre enn at den er innelåst i bilen.
Sett inn dørlistene med silikonstift. Då hindrar du at døra og låsane frys.
Hugs riktig lufttrykk på dekka. Dette finn du i instruksjonsboka til bilen.
Sjekk batteriet. Om batteriet er gammalt, kan det vere at det slit med å takle ei tøff vinternatt.
Fyll tanken. Generelt vil ein tank som er fylt med drivstoff vere mindre utsett for kondens.

6. Skriv ei hugseliste

Når du trur du er pakka og klar, er du nesten pakka og klar. Det lønner seg alltid å skrive ei lita liste over ting du kan få bruk for på bilturen.

Her er litt starthjelp:
Kjekt om vinteren: Isskrape, snøkost, strømiddel, spade og låsolje.
Alltid kjekt: Solbriller, reservenøkkel, lommelykt, dekkrens, startkablar og slepetau.
Mat og varme: Matpakke, varm drikke, vottar, hanskar, hovudplagg, fottøy, pledd og sovepose.

7. Hugs forsikring

Det siste, men absolutt ikkje minste, punktet. Uansett kor godt du førebur deg, er det umogeleg å vere heilgardert mot uhell. Derfor er det viktig å ha forsikringane i orden. Eika har bil- og reiseforsikring som dekkjer deg i inn- og utland. I Noreg er Eika sine samarbeidspartnarar Falck og Viking som hjelper deg om uhellet skulle vere ute.

Kjøp bilforsikring i dag – og få 10 prosent nettrabatt.

God tur!