Innhald
Å leve på studielån kan nokre gonger kjennast tungt, men med nokre enkle grep får du pengane til å strekke litt lenger.

1. Planlegg kvardagen

  • Sett opp eit budsjett over kva du har disponibelt kvar månad, og kva faste utgifter du har
  • Sørg for at du er skikkeleg forsikra. Ungdomsforsikringa til Eika kan du kjøpe til du er 34 år
  • Dersom du får pengar til overs, kan du sette dei inn på ein BSU-konto. Ikkje berre er det den smartaste måten å spare til bustad på, men det kan også gi deg inntil 5000 kroner i skattefrådrag
  • Ha oversikt over pengebruken. Aktiver SMS-varslingar eller sjekk nettbanken jamleg
  • Betal alltid rekningane dine på forfall for å unngå purregebyr
  • Avgrens utgiftene dine. Har du nokre kostbare (u)vaner? Prøv å handle matvarer éin gong i veka, og følg med på sal og tilbod i butikkane
  • Set av pengar til uføresette utgifter

2. Auk inntektene dine

  • Ta ut heile studielånet. Det er rentefritt i studietida, og om du har flytta heimafrå kan inntil 40 prosent av lånet gjerast om til stipend
  • Jobb ved sidan av studiane, og/eller om sommaren når du ikkje får pengar frå Lånekassen. I 2017 kan du tene 172.000 kroner og framleis ha rett på maksimalt stipend
  • Søk om legat og stipend. Kvart år blir det delt ut fleire hundre millionar kroner til studentar. Stønadene er stort sett skattefrie og påverkar ikkje støtta du får frå Lånekassen. Sjekk ut Legatsiden.no for ei fin oversikt
  • Forsørgjer du barn? Hugs å søke om forsørgjarstipend
  • Kickstart hausten med å selje dei gamle pensumbøkene dine

3. Bruk alle studenttriksa i boka

  • Skaff deg gyldige studentkort. Då får du rabattar på alt frå buss og fly til klesbutikkar og tannlege
  • Smør din egen matpakke i staden for å kjøpe lunsj i kantina. Kaffitørst? Ta med ei kanne traktekaffi heimanfra
  • Tren på treningssenteret til skulen eller meld deg inn i studentidrettslaget, i staden for dei vanlege treningsstudioa
  • Sjå etter gratis møblar på Finn.no eller kjøp/sal/byte-sider på Facebook. Skulebøkene kjøper du sjølvsagt brukt
  • Lag ein middagsklubb. Gå saman med nokre vener og lag middag saman, det er både billegare og hyggelegare enn å ete åleine
  • Treng du å friske opp garderoben? Vent med shoppingturen, og prøv ein bytekveld med veninnene/venene dine først
  • Ta med ein liten sum kontantar når du skal på byen, og legg att bankkortet heime. Hugs førarkort som legitimasjon!