Over 150.000 nordmenn blir ramma av diaré på ferie kvart år, ifølgje tal frå Finansnæringens hovudorganisasjon. Det er inga morosam oppleving, og kan øydelegge det som skulle vore ein hyggjeleg tur. Dessverre er det ikkje uvanleg at også andre ting rammar oss i ferien, alt frå beinbrot til meir alvorlege tilstandar som hjarteinfarkt eller blodpropp.
Spørsmålet er om du veit kva du skal gjere dersom du eller somme du er saman med, blir sjuke når de er ute og reiser?

Berekn og bestill reiseforsikring

Hugs helsekort
Først og fremst – har du skaffa deg Europeisk helsetrygdkort? Dette er eit viktig kort å ha med seg, då det viser at du har rett til dekning av nødvendig helsehjelp i alle EU/EØS-land på same vilkår som innbyggjarane i det landet du er på besøk i.
Helsetrygdkortet kan du bestille på helseorge.no, eller ved å ringje 800HELSE (800 43 573).
Det finst også ein app med info om kortet og nødvendig helsehjelp i Europa. Det heiter «European Health Insurance Card» og finst både for Apple, Windows og Android.

- Men hugs – mange land har ikkje det same offentlege helsestellet som vi er vant med. Helsekortet vil for eksempel ikkje gjelde på eit privat sjukehus. Det er derfor viktig å ha ei privat reiseforsikring i tillegg, seier Bjørn Steen, produktansvarleg i Eika Forsikring.

Å få ferien øydelagd av sjukdom, er ikkje morosamt. Og særleg ikkje dersom du i tillegg blir sjuk før du dreg, og dermed ikkje kjem bort i det heile teke.

Ei lita trøyst er at du ifølgje Ferieloven har krav på å få igjen dei tapte feriedagane seinare same ferieår. Du får én dag per vyrkedag du er sjuke, inkluderte laurdagar. Det betyr at dersom du har vore sjuk frå tysdag til søndag, får du fem feriedagar tilbake.

For å få krav på dette må du vere 100 prosent arbeidsufør, og sjukdomen må dokumenterast med legeerklæring anten frå den utanlandske legen eller legen din heime.

Det speler inga rolle om du har avlyst ferien på grunn av influensa, eller har lege på eit hotell i Hellas med matforgifting.

Hugs at du også kan bestille reiseforsikring via Mobilbanken. Last ned Mobilbank

Din venn i nød
Eit anna viktig kort å ta med seg på ferie, er derfor forsikringskorta. Der står telefonnummer direkte til alarmsentralen til SOS International.

- SOS International er Eikas forlengde arm. Dei hjelper nordiske reisande overalt i verda gjennom ein døgnopen alarmsentral, kor erfarne koordinatorar sit klare 24 timar i døgnet, året rundt, forklarer Steen.

Å ha kontakt med desse er derfor helt avgjerande ved legebesøk eller sykehusinnleggelse fordi dei veit kva sjukehus som gir deg seriøs behandling. Det er nemleg ikkje «berre berre» å orientere seg på ein framand stad når du er sjuk og kanskje redd.

- Tilbakemeldingar frå kundane våre er at det var ein tryggleik å få hjelp frå SOS International. Dei har både kunnskap om lokale legar og sjukehus, og snakkar ofte også eit skandinavisk språk, noko som er trygt for ein som er sjuk, seier Steen

Kva skjer ved sykehusinnleggelse?
Fører sjukdom eller skade til sjukehusopphald, eller utgiftene overstig 5.000 kroner, må du ta kontakt med SOS International. Det kan nemleg vere andre rutinar i forhold til innleggelse på sjukehus i landa du no oppheld deg. Mange norske foreldre opplever for eksempel at barna har blitt innlagt på sjukehus for ting som aldri hadde ført til innleggelse i Noreg.

- Vår samarbeidspartnar SOS sørgjer for at du får den behandlinga du skal ha, verken meir eller mindre, understrekar Steen.

Når du er i gong med eit behandlingsopplegg, er det viktig å gjere som legen seier. Følg den føreskrivne behandlinga, og følgja legen sine  anvisninger, er rådet frå Eika.

- Og hugs at du alltid får ei skriftleg stadfesting frå legen på staden - både dersom det handlar om reiseavbrot, men også på nødvendigheta av utgiftane, seier Steen.

Avbroten reise
Reiseforsikringa i Eika gir deg nemleg kompensasjon når ferien går i vasken fordi du blir sitjande på do. Men dette gjeld berre frå den dagen du besøkte legen.
- Dette er det viktig å vere klart over. Har du vore dårleg i mange dagar før du gjekk til legen, får du berre kompensasjon gjeldande frå første gong du oppsøkte lege, forklarer Steen.

Kompensasjon for avbroten reise gis ved sjukehusopphald i utlandet, akutt sjukdom og alvorleg ulukke med lengd meir enn 3 døgn – vel og merke dersom dette fører til at du må halde deg på hotellrommet eller i leilegheita. Då får du tilbake pengar for både reise og opphald, tilsvarande dei dagane du ikkje får nytta deg av. I tillegg blir betalte utflukter erstatta, arrangement og billettar som du ikkje får nytta deg av, med inntil 2.000 kroner.

Reiseforsikringa erstattar også innbetalte beløp for reise og opphald dersom du eller nokre i din nærmaste familie blir sjuk før reisa startar.

Ta også å ta vare på kvitteringar frå legebesøk, medisinar og andre utgifter relaterte til sjukdomen.

- Skal skadeoppgjeret gå mest mogeleg smertefritt, må vi ha dokumentasjonen i orden. Men blir utgiftene store, er det også mogeleg å ta kontakt med oss direkte. Då kan vi gjere opp via telefon, seier Steen.