Det er lenge sida Vipps berre blei brukt til å overføre småsummar mellom vener. No kan du betale med appen i fleire store butikkar på nett og det er også mogeleg å bruke Vipps i fysiske butikkar. Vipps er med andre ord i ferd med å overta rolla som lommebok – og dermed er det smart å ha fleire av korta dine tilgjengeleg når du handlar. Då kan du enkelt byte på kva for eit kort du betalar med. Det vanlege brukskortet, bankkortet, er greitt når det gjeld småsummar mellom vener og i fysiske butikkar, medan det kan vere lurt å bruke kredittkortet til netthandel og kjøp i app.

Du kan leggje inn fem kort i Vipps-profilen og velje eitt favorittkort som du ønskjer å betale frå. Slik legg du til eit nytt kort:

1. Trykk på profilbiletet ditt
2. Trykk på "Ditt kort"
3. Trykk på "Legg til kort"
4. Fyll inn kortnummer, bruksfrist og sikkerheitskode
5. Trykk på "Registrer"

Byt mellom korta
Du vel sjølv kva for eit kort du vil betale med blant dei du har lagt inn i Vipps. Trykk på Visa- eller Mastercard-logoen og vel kort før du trykkjer Send. Dersom du ikkje vel, vippsar du frå det kortet du har merka som favorittkort. Enkelt og greitt!