Kristian er pendlar og kombinerer eit liv i hovudstaden som rådgivar i eit datafirma, med eit liv som bonde på Flå i Buskerud. Men det er ingen tvil om at hjartet bankar sterkast der rådyret tuslar over åkeren i grålysninga. Og det er på Flå dei viktige avgjerdene blir teke - ofte over ein kaffikopp i den lokale banken.

- Den lokale tilhøyrsla til banken er uvurderleg

- Eg overtok garden i 2010, og då var det mange ting eg lurte på. Sjølv om foreldra mine bur på garden, var det viktig for meg å ha nokre å snakke med rundt økonomien, fortel Kristian Akervold som meiner den lokale tilhøyrsla til banken er uvurderleg.

- Eg har vore kunde i den lokale banken så lenge eg kan huske. Banken har på ein måte alltid vore der. Eg kjenner dei, og dei kjenner meg. Då blir det heilt naturleg å stole på banken sin, seier Kristian Akervold.

Stikk innom minst ein gong i månaden

Når den lokale filialen ligg berre 10 minutt heimanfrå, er det både lettvint og praktisk å stikke innom. Jamleg kontakt med banken skaper tryggleik, og det er heilt nødvendig når viktige avgjerder skal takast.

- Av og til lurer eg på noko, andre gonger kikkar eg berre innom for ein prat. Dei som jobbar i banken kjenner foreldra mine, og dei kjenner meg. Eg kjenner dei har ei større forståing av liva våre, og kan gje meg råd basert på heilskapen, seier den heimvende bonden.

- Det lokale handlar veldig mykje om tillit. Og det er veldig viktig når det gjeld bank. Dei forvaltar jo pengane mine. Anten eg skal spare eller låne, så stolar eg meir på dei eg kan ta ein kaffikopp med.

- Kva veit ein i Oslo eigentleg om livet mitt?

Kristian Akervold nyttar landbrukskreditt i lokalbanken sin og er oppteken av å skilje mellom privat økonomi og det som er knytt til garden.

- Banken gjev meg rettleiing for ein ryddig økonomi. Dei gjev meg råd, og eg stolar på dei. Dei veit kvar eg kjem frå og kvar eg høyrer heime.

- Eg kunne aldri hatt den same tilliten til ein eller annan kundebehandlar på eit kontor i Oslo. Kva veit vel han om livet mitt? smiler kornbondeen og skogeigaren.

Han set nærleiken til banken og tilgjenge høgt, men samtidig er det helt nødvendig med digitale løysingar når kvardagen skal handterast, både på tastatur og med møkk under naglane.

- Banken min har alltid vore tidleg ute med gode mobilløysingar. Eg kjenner at eg får det beste av begge deler. Eg trur faktisk at lokalbanken er genuint oppteken av at eg skal ha det bra, og at garden min skal utvikle seg.

Bidreg på mange plan i Hallingdal

Då Kristian flytt heim igjen til garden etter nokre år i hovudstaden var det med eit brennande ynkje om å bidra i lokalsamfunnet. På det punktet er han og banken hans veldig like.

- Banken er ikkje berre oppteken av meg som kunde, men også av lokalsamfunnet. Dei har sponsa idrettshallen vår, og bidreg på mange plan i heile Hallingdal, fortel bonden som er i ferd med å gjere garden klar for ei ny årstid.

Kunstgjødsla er levert. Såkorn til våren er bestilt. No ventar han på at jorda skal bli klar. Det er ventesesong – og tid til å tenkje og planleggje, og kanskje drøyme litt.

- Når drøymar skal bli til planar er det godt å vite at banken er der som ein sparringspartner, avsluttar bondeen og kikkar etter rådyra som forsvinn i skogholtet.