Det er mykje vi kan planleggje her i livet, men å forutsjå framtida kan ingen. Det einaste vi kan gjere er å sikre oss så godt som mogleg. Passe på dei vi er glade i. Verne flokken vår.
For kva vil skje med dei dersom ein i familien blei alvorleg sjuk eller blei utsett for ei ulukke? Vil de kunne klare dykk på ei inntekt? Kan de framleis betale på lånet dersom du skulle bli arbeidsufør?
- Berre ein tredjedel av oss er flinke nok til å forsikre oss sjølv. Dette er vanskelege spørsmål, og mange er nok prega av ein «det skjer ikkje meg-haldning», seier Inger Kvaal, avdelingsleiar i Eika personforsikring.
Uføreforsikring
I dag er over 300.000 nordmenn arbeidsuføre som følgje av sjukdom eller ein skade. Ei uføreforsikring har som formål å sikre deg og dine kjære økonomisk dersom du, ektefelle, sambuar, eller partner skulle bli arbeidsufør. Forsikringa vert anbefalt til unge med få år i arbeidslivet, men også til deg med forsørgjaransvar eller som er avhengig av eiga inntekt.
- Ved langvarig arbeidsuførleik vil dei fleste av oss få eit rikeleg inntektstap, og dette bør dekkjast opp ved å kjøpe ei form for uføreforsikring. Her er det viktig å ha eit forhold til kva inntektstapet ved langvarig arbeidsuførleik vil føre til for deg, og at forsikringa di reflekterer dette tapet, seier Kvaal.
Dødsfallsforsikring
Kva så dersom ein med forsørgjaransvar i familien plutseleg skulle døy? Med ei dødsfallsforsikring kan du vere sikker på at dei du er glad i vil greie seg økonomisk, dersom du eller sambuaren din/partner går bort. Forsikringa vil blant anna sørgje for at familien din kan fortsetje å bu der dei bur, og betene eventuelle lån som normalt. Ved eit dødsfall vil forsikringa utbetalast som eit eingongsbeløp til dei attlevande. Pengane kan disponerast fritt etter eige ønskje.
- Eit plutseleg dødsfall vil vere vondt for alle, og det kan ein ikkje forsikre seg mot. Men med ei dødsfallforsikring sikrar ein at ein i alle fall ikkje får store økonomiske omveltingar midt i alt det vondet, seier Inger Kvaal.
Barne- og ungdomsforsikring
Vi er stort sett flinke til å forsikre eigedelane våre. Til og med firbeinete Fido har ei eiga forsikring. Men kva med våre aller største skattar her i livet, nemleg barna? Med ei barne- og ungdomsforsikring sikrar du dine kjæreste skattar ved å vere økonomisk trygg dersom noko skulle skje. Forsikringa er ei kombinert sjuke- og ulykkesforsikring, og gjeld fram til barna fyller 26 år. Den dekkjer blant anna behandlingsutgifter ved sjukdom eller skade, dagpengar i samanheng med opphald på sjukehus, dødsfall eller arbeidsuførleik.
- Forsikringa gjeld også ved opphald i utlandet i inntil 36 månadar, og i dagens samfunn kor stadig fleire studerer i utlandet er dette ei god sikring, seier Kvaal.
Forsikring ved kritisk sjukdom
Ei forsikring som dekkjer kritisk sjukdom har som formål å sikre deg og dine dersom du skulle bli alvorleg sjuk. Forsikringssummen kan disponerast fritt, og gir økonomisk tryggleik og handlefridom i ein kritisk sjukdomsfase.- Å kunne ha økonomisk handlefridom i ein kritisk sjukdomsfase er vesentleg, og denne forsikringa gir nettopp det, seier Inger Kvaal.