Kreativiteten har ingen grenser, så her gjeld det å ta godt vare på påsketradisjonane og dei du er glad i sjølv. Husk òg å ta ein telefon eller avtale eit møte på FaceTime eller Messenger med familie eller ein ven som du veit er åleine eller er einsame i denne tida.

3 enkle påsketips frå oss 
Sjølv om påskeferien er ei tid for avslapping og rolegare tempo er det eit par ting du bør hugsa på. Vi har samla tre gode tips til deg så tar du betre vare på deg sjølv og økonomien din.

1. Betal kredittkortrekningane i tide eller be om betalingsutsetjing dersom du treng det. Sjølv om det er påske må rekningane betalast slik at du slepp unødvendige omkostninger.

2. Skal du strøyma underhaldning, bestilla mat levert på døra eller handla på nett – husk å bruka kredittkortet både når du handlar i nettbutikkar og i app. Då har du gode reklamasjonsrettar dersom noko skulle skje.

3. Oppsøk naturen. Det er godt både for kropp og sjel.

Raude Kors har utarbeidd eit sett med koronavitreglar for påsken – desse kan du lesa her.

Ikkje nøl med å ta kontakt med oss
Uansett kva du skal finna på, så er vi her for deg dersom du treng hjelp med noko. Kundesenteret held ope i heile påsken:

  • Skjærtorsdag 1. april: 09.00-17.00 (Forsikring stengt)
  • Langfredag 2. april: 09.00-17.00 (Forsikring stengt)
  • Påskeaftan 3. april: 09.00-17.00
  • 1. påskedag 4. april: 09.00-17.00 (Forsikring stengt)
  • 2. påskedag 5. april: 09.00-17.00 (Forsikring stengt)

God påske!