Får du sveittetokter og mareritt om «Luksusfellen» berre du vurderer å handle på kreditt? Det er det liten grunn til. Berre ein promille av kundane våre har problem med å betale kredittkortgjelda si.

- Kredittkortet gir kundane våre eit verktøy der dei både har oversikt og får nye moglegheiter. Dei aller fleste kundar har god kontroll på økonomien sin. I mange tilfelle gir det deg også større både tryggleik og sikkerheit enn om du betalte med det vanlege bankkortet ditt, fortel Anders Gran i Eika Kredittbank.

Han har satt saman to reknestykke som viser dei faktiske kostnadene ved å bruke kredittkort.

Reknestykke 1: Ferieturen
Bestiller du ei feriereise 1. april til kr 10.000, kjem fakturaen til deg 1. mai – med forfall 15. mai. Betaler du innan den fristen, kostar bruken deg ingenting.

Det er først dersom du ikkje betaler innan fristen at det kan bli kostnader. Men du vel sjølv kor store disse kostnadene eventuelt skal bli.

  • Betaler du éin måned seinare må du betale rentekostnader på 178 kroner.
  • Betaler du eitt år seinare, er rentekostnaden auka til 2.049 kroner.

Det er med andre ord heilt opp til deg korleis sluttsummen til sist blir.

Reknestykke 2: Vaskemaskina
Vaskemaskina ryk, det er tomt på kontoen, men du kan ikkje vente til neste månad med å få ei ny i hus. Du har heller ikkje høve til å betale heile kostnaden på ein gong, men må betale ned over til dømes tre måneder.

  • Den nye maskina kostar 6.000 kroner
  • Den skal nedbetalast med like store avdrag i kvar månad, altså 2.000 kroner i tre månader
  • Den første månaden har du rentefri betalingsutsetjing og betaler 2.000 kroner
  • Månad nummer to betaler du 2.069 kroner (2000 kroner i avdrag + rente av 4.000 kroner som er 69 kroner)
  • Tredje månad betaler du 2.032 kroner (2000 kroner i avdrag + rente av 2000 kroner som er 32 kroner)
  • I sum tyder dette at maskina kosta deg 6101 kroner, av dette utgjer rentene 101 kroner

- Då har du kanskje hatt høve til å slå til på eit godt tilbod og fått ein rabatt. Uansett har du fått løyst problemet ditt og fått erstatta den vaskemaskina du sårt trong, seier Gran.

Merk: Reknestykka er baserte på effektiv rente pr 10. april 2017.