Vi drøymer om noko alle saman. Kanskje draumen din er ei hytte på fjellet, eit hus i Spania, eller mogelegheit til å reise meir når kvardagen ikkje lenger handlar om jobb? Uansett kva det er, vil det sannsynlegvis koste pengar.


Difor er det aldri feil å spare.

- Dei fleste av oss har fått litt betre råd dei siste åra. Lånerenta er historisk låg, samtidig som løningane har gått opp. Vår anbefaling er å bruke nokre av dei ekstra pengane til sparing , seier Jørgen Sundet i Eika Kapitalforvaltning.

Set pengane i arbeid for deg, og sjå korleis du kan nå draumen din


Spar i fond - få meir att

Alle kan spare noko, meiner ekspertane. Når du sparer, bør du absolutt vurdere å setje pengane i eit aksjefond. Låg lånerente er bra for deg med høge lån, men fører også til at du får lite avkastning på pengane du har på sparekontoen din.

- All sparing er bra, men alle ynskjer å få mest mogeleg ut av pengane sine, seier Sundet.

La oss seie at du sparer 1.500 i månaden. På ein vanleg sparekonto ville du fått rundt 1,5 prosent rente. Då ville du hatt 300.000 kroner på konto etter 15 år.

Sparer du derimot i eit norsk aksjefond, er det ikkje urealistisk å vente ei gjennomsnittleg årleg avkastning på om lag 8,5 prosent*. Ei slik årleg avkastning vil i så fall gi deg i overkant av 530.000 i løpet av den same tida.

Eit langt skritt nærmare draumen, ikkje sant?


Slik kjem du i gong - sjå draumen vekse

Eika Kapitalforvaltning anbefaler alle som sparer i fond å ha eit langsiktig perspektiv, minimum 10-15 år. Dess lenger du sparer, dess betre er du sikra mot svingingane i aksjemarknaden.

Ingen grunn til å vente, med andre ord - så kvifor ikkje starte allereie i dag? Brukar du mobilbanken, er du berre eit par tastetrykk unna å starte ein spareavtale.

- Mobilbanken gjer det enkelt å administrere låneavtalen. Ekstra kjekt er det også at du kan følgje med på korleis fondet du sparer i utviklar seg. Slik kan du bokstaveleg tala sjå korleis pengane - og draumen din veks. Det er alltid motiverande for ein som sparer, smiler Sundet.

LES OGSÅ: Start fondssparing på 1-2-3

Ikkje lasta ned mobilbanken enno? Her kan du gjere det


Snakk med oss

Framleis usikker på korleis du skal organisere sparinga di? Snakk med ein av rådgjevarane i banken. Saman kan vi finne den rette spareplanen for deg.


* Årleg gjennomsnittleg avkastning for OSEBX frå [13/12-00] til [13/12-15] er [12%].

NB! Historisk avkastning er ingen garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning vil m.a. henge saman med marknadsutviklinga, dyktigheita til forvaltarane, risikoen for verdipapirfondet, samt kostnadar ved teikning, forvaltning og innløysing. Avkastninga kan bli negativ som følgje av kurstap.