Skaff eit finansieringsbevis

Finansieringsbeviset er ein garanti frå banken som stadfestar kor mykje du kan låna, og ein ekstra tryggleik for både kjøpar og seljar.

 

Finansieringsbeviset er ein garanti frå banken som stadfestar kor mykje du kan låna, og ein ekstra tryggleik for både kjøpar og seljar.  

 

Søk om bustadlån

Når du søkjer om bustadlån, gjer banken ei heilskapleg vurdering av økonomien og livssituasjonen din. Det er hovudsakleg to ting som blir vurderte: eigenkapital og beteningsevne.

Kravet til eigenkapital er 15 prosent ved kjøp av bustad. Dersom du har pant i annan eigedom, ein kausjonist eller ein medlåntakar, kan banken gå bort frå kravet om eigenkapital.

Kravet til beteningsevne blir vurdert ut frå kor mykje økonomien din toler ved til dømes renteauke. Banken vurderer beteningsevna di basert på faktiske inntekter og utgifter, forventa inntektsutvikling, godkjend skattemelding, tidlegare lønnsslippar og eventuelle ekstrainntekter.

Du kan enkelt søkje om bustadlån på nettet eller kontakte rådgivaren din i banken.

Vurder om du treng mellomfinansiering

Tenkjer du på å kjøpa ny bustad før du har selt den du bur i? Då kan det vere nyttig med mellomfinansiering, det vil seie eit kortsiktig lån som gjer at du kan overta ny bustad før du har teke imot oppgjeret for salet av den gamle.