Marknadsdirektør Karl Otto Gulseth i Eika Kapitalforvaltning er ein av dei som jublar for Stortingets vedtak om å innføre aksjesparekonto for privatpersonar. Han gleder seg til produktet blir tilgjengeleg for lokalbankskundane.

- Regjeringa vil sende ei forskrift ut på høyring i løpet av første kvartal 2017, og vi forventar at regelverket er klart før sommaren. Vi er allereie i gang med produktutviklinga, og rullar ut vår løysing straks styresmaktene gir grønt lys, seier Gulseth.

Utsett skatt på gevinst
Med ein aksjesparekonto samlar du alle dei børsnoterte aksjane og aksjefonda dine på ein stad. Kontoen har éin stor fordel: Du kan selje aksjane/aksjefonda dine med gevinst, og reinvestere heile beløpet – utan å utløyse skatt.

- Du skattar ikkje av gevinsten før du vel å ta pengane ut av sjølve aksjesparekontoen, forklarer Gulseth og gir eit eksempel:

- La oss seie at du investerer 100.000 kroner i eit fond, og at verdien har aukt med 50.000 kroner. Desse pengane vil du no reinvestere. Med ein aksjesparekonto kan du flytte heile beløpet på 150.000 kroner over i eit nytt fond, uten å skatte 29,76 prosent av gevinsten din først.

Om du allereie sparar i fond og har ei behaldning som har stige i verdi, er det viktig at du flyttar ho over til aksjesparekontoen når regelverket er på plass.

- I 2017 vil det være ei overgangsordning som gjer at du kan overføre aksjefond og aksjar til ein aksjesparekonto uten å realisere skatt først. Har du derimot eit urealisert tap på behaldninga di, bør du vente til 2018 med å overføre dette, for å sikre deg skattemessig frådrag for tapet, forklarar Gulseth.

Ikkje for «rike folk i blå dress»
Ordninga gjer det meir gunstig for privatpersonar å spare i aksjar, og kjem til å auke folk flest sitt eigarskap i norsk næringsliv – noko som er akkurat det regjeringa ønskjer.

- Det blir enklare for nordmenn å ta del i verdiskapinga som skjer i norske bedrifter. I dag blir mykje eigd av utanlandske investorar. Når selskap som Norwegian gjer det bra, er det fint om nokre av kakestykka blir igjen i Norge, meiner Gulseth.

Blant nordmenn er det berre 25 prosent som sparar i aksjefond, noko som er betydeleg færre enn i både Danmark og Sverige.

- I Norge har sjølve ordet aksjar fått ein litt negativ klang, og heng for mange saman med «rike folk i blå dress». Det er veldig synd og veldig feil, seier Gulseth og avsluttar:

- Det er heller «treige og trygge pengar». Historisk sett gir fondssparing høgare avkastning enn banksparing for dei som har lang sparehorisont. Med innføringa av aksjesparekonto vil fleire nyte godt av det. Ein aksjesparekonto passar utmerkt til for eksempel sparing til pensjon.