Dei viktigaste endringane:   

  • Auka sparesum - Det årlege sparesumen aukar frå 25.000 kr til 27.500 kr. Maksbeløpet på 300.000 forblir uendra.   
  • Auka skattefrådrag - inntil 5.500 kr i skattefrådrag årleg.
  • Skattefrådraget blir fjerna dersom du eig bustad

Kva gjer eg dersom eg allereie eig bustad?   

Med dei nye reglane, vil du ikkje lenger få skattefrådrag for pengar som settes inn på BSU-konto i 2021 eller seinare, dersom du eig eigen bustad. Dette gjeld både eigarskap i primær og sekundærbustad, men ikkje fritidsbustad.   

Vær også merksam på at det heller ikkje vil vere mogeleg å opprette ein BSU-konto og motta skattefrådrag dersom du allereie eig ein bustad.   

Kva har eg av moglegheiter?   

Du kan velje å betale ned på bustadlån ditt, eller du kan fortsetje å spare på BSU Dersom du lèt pengane stå på konto eller fortset å spare, kan pengane brukast ved kjøp av ny bustad på eit seinare tidspunkt. Hugs at sjølv om du ikkje lenger får skattefrådrag, får du framleis banken si beste rente på innskot fram til året du fyller 33 år.    

Lurer du på noko?   

Framleis litt usikker på korleis dei nye reglane påverkar BSU-konto din eller sparing di? Vi svarer gjerne på spørsmål og gir deg gode råd rundt kva løysing vi trur vil passe deg og økonomi din.   

Ta kontakt med rådgivar din