Dykk har både hus, lån og eigedelar saman. Vil familien din kunne fortsetje å bu der dykk bur eller ha dei same økonomiske føresetnadene dersom du døyr? Vi har snakka med nokon som har turt å tenkje det utenkjeleg. Einar Bøysen fortel kvifor han og sambuaren valde å kjøpe dødsfallforsikring.

Bestemde seg då dei byta bank

Einar Bøysen og sambuaren Cecilie Ulbråten, er eit ungt par med to små barn. Dei valde begge å kjøpe dødsfallsforsikring våren 2015, og forsikringa var noko dei hadde tenkt på i ei god stund i framkant.

– Vi hadde jo tenkt ein del på det tidlegare, men ikkje gjort noko med det.

 

Vi bestemde oss då vi byta bank, snakka med ein rådgjevar og fekk litt betre oversikt over det meste, fortel Bøysen.

Alle mellom 18 og 70 kan kjøpe ei dødsfallsforsikring, men behovet for økonomisk sikring er vanlegvis større for ein familie i etableringsfasen, enn for dei som for eksempel har nedbetalt mykje av gjelda si. Dette var berre noko av det Bøysen og sambuaren hans diskuterte i framkant. – Det er mykje ein kan uroe seg for, men om det verst tenkjelege skulle skje, står ein i alle fall betre i det med ei slik forsikring.

Korleis kan framtida di som ufør bli? Sjekk uføreforsikringane våre

 

Mest mogeleg leveleg
For dei fleste familiar vil dei økonomiske konsekvensane vere store dersom nokon skulle falle frå. Ein ting er å bli aleine om forsørgjaransvaret, ein annan ting er å skulle betale rekningane.

– Vi har tenkt mykje på den økonomiske sida, og for oss har det vore viktig å vite at ingen skal måtte slite økonomisk, seier Bøysen. Familiefaren fortel at dei såg på forsikringa som ekstra viktig fordi dei har utgifter og eigedelar saman. – Det handlar om å gjere eit verst tenkjeleg scenario mest mogeleg leveleg for dei som er igjen, seier han.

Med ei dødsfallsforsikring gjennom Eika, vil familien til Bøysen blant anna kunne fortsetje å bu der dei bur ved eit eventuelt dødsfall. Skulle ein falle frå vil familien få ei eingongsutbetaling som kan disponerast fritt etter eige ynskje. I tillegg får den som er igjen moglegheit til å jobbe redusert i ein periode etter dødsfallet.

Dette er dødsfallforsikring

Av kjærleik
Forsikringa passar for alle som har gjeld og/eller forsørgjaransvar.

– Dette er ei forsikring ein kjøper fordi ein verkeleg bryr seg om nokon, seier Bøysen og legg til: – Sjølvsagt er det tankar ein ikkje vil tenkje, men det er viktig at ein tør.