Set deg inn i reglane for bodgiving

Bodrunden er både spennande og nervepirrande, og det kan vera lett å lata seg riva med. Det første du bør gjera er å setja deg inn i reglane for bodgiving. Alle bod er bindande, og du har ingen angrefrist. Ver derfor sikker på at dette er den bustaden du vil ha, og legg ikkje inn bod på meir enn éin bustad om gongen.

 

I bodrundar er det ofte korte tidsfristar. Sørg for at du er tilgjengeleg for meklar, legg gjerne ein plan for bodgivinga di, og viktigast av alt: Set eit tak for kor mykje du maksimalt kan gi.

 

Set opp eit budsjett – og ikkje overstig dette

Eit godt tips er å setja opp eit budsjett før bodrunden, slik at du veit kor mykje du kan gi for bustaden, og korleis økonomien din ser ut etter at avdrag, renter, felleskostnader og andre bustadrelaterte utgifter er betalte. Hugs at gebyr og kostnader kjem i tillegg til kjøpesummen, og at økonomien din bør tole endringar i renta.

Ha finansieringa i orden

Ver klar over at du ikkje har vunne bodrunden før seljar har akseptert bodet ditt. Dersom du ikkje har finansieringa i orden, kan seljar velje eit lågare bod. Du bør derfor alltid ha finansieringsbeviset frå banken klart før du gir bod.

Bustaden er din!

Dersom seljar aksepterer bodet ditt, er bustaden din. Eigedomsmeklaren kontaktar banken for å få ei stadfesting på at finansieringa er i orden. Neste steg er kontraktmøte, signering av kjøpekontrakt, gjennomgang av overtaking og oppgjer med seljar og eigedomsmeklar.

Lånesøknaden din blir endra til det beløpet du har behov for å låna. Normalt låner du 85 prosent av kjøpesummen, og dei resterende 15 prosentane er eigenkapitalen din.

Rådgivaren i banken din vil kontakte deg, og saman kan de skreddarsy lånet slik at det passar deg.