Kva pengespel er tillatne?

I Noreg er det berre Norsk Tipping, Norsk Rikstoto og enkelte store, landsdekkjande lotteri som har lov til å tilby regulerte pengespel på nett. I tillegg kan enkelte bingoaktørar med særskild løyve frå Lotteritilsynet tilby hovudspelet sitt på nett. Lotteritilsynet er tilsynsorgan for forvalting og kontroll av private lotteri og statlege spel. 

Formålet bak pengespel-lovgivinga i Noreg er, ifølgje Lotteritilsynet, å sikre at lotteri- og pengespel blir tilbode i tryggje og ansvarlege former for å avgrense uheldig speleoppførsle, medrekna også motverke spilleavhengigheit og kriminalitet.

Det eksisterer også ein stort uregulert marknad av utanlandske pengespel som kasino, poker, oddspel, bingo og liknande på nettet. Dei utanlandske spelselskapa har ikkje løyve til å tilby eller marknadsføre desse spela i Noreg. Det er likevel ikkje slik at det er ulovleg for nordmenn å spele hos desse selskapa dersom desse driv lovleg verksemd i andre land.

Oversikt over kven som har løyve til å tilby pengespel, lotteri og bingo, samt ei liste over pengespelselskap utan løyve i Noreg finst på Lotteritilsynets heimeside

Kundar som deltek i eller vurderer medverknad i spel frå utanlandske spelselskap bør merke seg følgjande: 

Forbod mot betalingsformidling

Det er forbode for banker i Noreg å formidle pengar til utanlandske pengespelaktørar som ikkje har norsk løyve. Forbodet gjeld både å formidle innskot til spelselskapa, som ofte skjer via kredittkortet til kunden, og å formidle utbetaling av gevinst frå spelselskapet til spelaren sin bankkonto. Forbodet omfattar både pengar som går direkte til og frå pengespelselskapa, men også pengestraumar som går via andre partar og betalingskanalar. 

Banken har ei plikt til å avvise transaksjonar til eller frå pengespelselskap eller mellommennene deira på bakgrunn av vedtak frå Lotteritilsynet. I tillegg kan banken avvise slike transaksjonar på eige initiativ. Banken har, uansett grunn for avvising, då følgd norsk lovgiving. 

I praksis betyr dette at kundane sin speleinnsats kan bli avvist eller at utbetaling av gevinst frå eit utanlandsk spelselskap til kunden sin bankkonto blir stoppa. Dersom så skjer, blir du tilrådd å ta kontakt med oss.

Endringar i regelverket

Forskrift om forbod om betalingsformidling for pengespel som ikkje har norsk løyve er nyleg revidert, og Lotteritilsynet har i denne samanhengen fått utvida vedtakskompetanse. Endringane er kort omtalte her

Kulturdepartementet arbeider for tida med ei ny lov om pengespel, men det er ikkje kjent når denne blir vedteken og sett i kraft.