Måndag 23. september gikk Thomas Cook konkurs. Ving, som er eit dotterselskap av Thomas Cook, fortel at dei fleste fly går som normalt igjen. 

Korleis kan ein som reisande sikra seg mot økonomiske tap og kva for rettar har ein når ein reiseoperatør går konkurs?

 

Vilkår for reiseforsikringa, konkurs: 

Mange er kanskje ikkje klar over at dersom ein har ei reiseforsikring så vil ikkje denne gjelde ved ein konkurs. Kundar vil derfor ikkje kunna søka erstatning for tur- eller ekstrautgifter via reiseforsikringa. Dette er bransjestandard og gjeld for alle selskap.

 

Har du derimot bestilt minimum 50% av ferieturen din med kredittkortet, vil reise- og avbestillingsforsikring vera inkludert. Ved ein eventuell konkurs har du derfor som kunde sterke reklamasjonsrettar.

 

Har du kjøpt reise med kredittkort, kan du oppretta reklamasjonssak her.

 

Ving er medlem av Reisegarantifondet, som sikrar nordmenn i utlandet mot å bli stranda på ferie, dersom òg norske reisande skulle bli rørt av konkursen.

 

Når du bestiller ei reise: 

Det er alltid tryggast å bruka kredittkortet når ein bestiller og kjøper ei reise, enten det er på nett eller hos ein reiseoperatør. Skulle det oppstå problem, som i dette tilfellet ein konkurs, har ein reise- og avbestillingsforsikring inkludert og ein har gode reklamasjonsrettar. Dette vil då sikra deg mot eit betydeleg økonomisk tap.