Dette bør du hugse på: 
  • Sørg for å stengje vatnet så det ikkje frys.
  • Vassleidningane tømmer du ved først å stengje hovudkrana, og deretter opne kranene og la vatnet renne ut. Tøm også eventuelle vasstankar og vasspumper. 
  • Ved frostfare, fyll alle vasslåsar, sluk og toalettskålar med frostvæske. 
  • Sjå til at hytta er låst forsvarleg før du reiser og sørg for at vindauge og dører er lukka og låst. 
  • Ta med deg løyse verdigjenstandar og alkohol heim frå hytta. 
  • Sjå over tak og sørg for at dette er i orden. Reparer eventuelle skadar før du reiser.
  • Reins takrenner og nedløpsrør slik at vatn ikkje blir samla.
  • Hugs forsikring. 
Steng vatnet
Ein gjennomsnittleg vasskade kostar meir for hytter enn for bustader. Dette skuldast at hytter står utan tilsyn store delar av året, og ein eventuell vasskade vil få større omfang. Den aller vanlegaste forma for vasskadar på hytter i Noreg skuldast frostsprenging av vassrøyr. Her finn du gode tips fra SINTEF til korleis unngå vasskadar som skuldast frost.

Sikre hytta mot innbrot
Få ønskjer ubedde gjester på hytta i løpet av vinteren. Heldigvis finst det nokre enkle greip som kan minimere risikoen for innbrot. Det første og kanskje aller viktigaste er å låse hytta før du reiser frå den. Sjå til at alle dører og vindauge er lukka og låst. Nytt sikringslåsar og gjerne lemar framfor vindauge. Ein kan også vurdere å installere alarm.

Det kan vere lurt å avtale med hytte-naboen, slik at de kan halde tilsyn med kvarandres hytter. Dersom tjuvane først har kome inn i hytta, sørg for å gjere skadane så små som mogeleg. Ta gjerne med deg verdifulle gjenstandar heim frå hytta eller sikre desse på annan måte. Ein kan for eksempel nytte ein bankboks. Sørg også for at du ikkje har alkohol ståande på hytta, då kjem gjerne tjuven igjen.

Er hytta godt nok forsikra?
Sørg for å ha forsikringane i orden - mot innbrot, vatn, brann og andre skadar. Ei forsikring kostar ikkje så mykje, men er god å ha dersom uhellet er ute. Gløym ikkje å forsikre innbuet på hytta. Les meir om hytteforsikringa vår.