Du har kanskje høyrt at kredittkort er noko du bør unngå? Det stemmer ikkje nødvendigvis. Slik brukar du kredittkort på ein trygg og lønnsam måte.
- Netthandel. Det vanlegaste problemet med netthandel er forseinkingar eller at varer rett og slett ikkje blir leverte. Handlar du med kredittkort, hjelper vi deg med å få pengane dine att dersom vara ikkje skulle dukke opp.
- Reise- og avbestillingsforsikring på reiser i heile verda er inkludert når minst 50 prosent av transport- og overnattingskostnadene er betalt med kredittkortet.
- Svindla i utlandet? Ettersom kredittkortet ikkje er knytt direkte til kontoen din, er det ikkje dine pengar som blir borte. Vi hjelper deg difor å få pengane att dersom uhellet er ute.
- Juridisk hjelp om nokon stel identiteten din. Dersom kredittkortet har vore i bruk dei siste 45 dagane eller har uteståande kreditt gir vi tilgang til juridisk hjelp inntil kroner 50 000,-
- Eit økonomisk handlingsrom er nyttig når bilen treng reparasjon eller vaskemaskinen plutseleg ryk. Dessutan gir kreditten deg gode høve til å handle på tidsavgrensa sal, framfor å betale fullpris om tre månader.
- Ingen renter, så lenge du betaler heile beløpet innan 45 dagar.
- Ingen årspris, eller gebyr på varekjøp, betaling av e-faktura eller ved anskaffing.
Vi veit at uventa utgifter ofte kjem når det passar minst. Brukar du det rett, er kredittkortet eit godt hjelpemiddel i den daglege økonomien din. Difor vil vi oppmode til ein sunn bruk av kredittkort som eit hjelpemiddel.