Di meining er viktig for oss

Årets kundeundersøking er i gang.

Vi set pris på kundeforholdet ditt og ynskjer å sikre at vi kontinuerleg forbetrar tenestene våre for å møte behova dine på best mogleg måte. Derfor vil du snart få tilsendt ein e-post om årets kundetilfredsheitsundersøking, som gjev deg høve til å dele tankar og meiningar med oss. Vi har også sendt ut SMS til kundar om denne undersøkinga, men sjølve undersøkinga kjem på e-post.

Kva kan du forvente?

Ein e-postinvitasjon frå Norstat vil snart dukke opp i innboksen din. Denne e-posten inneheld detaljar om undersøkinga og korleis du kan delta.

Anonymitet

Vi forstår viktigheten av personvern og ynskjer å forsikre deg om at denne undersøkinga er 100% anonym. Det betyr at vi ikkje kan identifisere kven som har svart eller kva kvar enkelt har svart. Analysen av resultat vil bli gjennomført av Barcode Intelligence AS, eit uavhengig analysefirma.

Ditt bidrag er verdifullt

Dine tilbakemeldingar er svært viktige for oss. Ved å gi oss ditt ærlege svar, er du med i trekninga av eit gåvekort til ein verdi av kr 500,-. Trekninga vil ikkje gå på bekostning av din anonymitet. Det er eit tilfeldig uttrekk frå bankens kunderegister som vil få kundeundersøkinga.

Tusen takk for at du tar deg tid til å svare!

Med venleg helsing,
Sparebanken DIN Telemark